Rekordmange førsteprioritetssøkarar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

b46342f0a2b8bac74282cba4861ea546
Fungerande studiedirektør Ragnhild Paulsen Hamre (f.v), direktør Jacob Kjøde jr. og rekrutteringsansvarleg Veronica Kvalen Pilskog er godt nøgd med søkartala.

15. april gjekk søknadsfristen for Samordna opptak (SO) ut, og søkartala frå SO og det lokale opptaket ser gledelege ut for Høgskulen i Volda (HVO). Det totale talet på førsteprioritetssøkarar for bachelorgradar, årsstudium, vidareutdanningar, mastergradar og Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er 15 prosent høgare enn i fjor, og er også 12 prosent over 2013, som tidlegare var toppåret.

– Det er kjekt å få ei stadfesting av at Volda er ein attraktiv stad å studere. Desse tala syner at høgskulen har utdanningstilbod som er framtidsretta og relevante, seier rekrutteringsansvarleg, Veronica Kvalen Pilskog.

Lærarløft

Med søkinga for 2016 har HVO 1,6 førsteprioritetssøkarar per studieplass i SO, i fjor var talet 1,3. Lærarutdanningane har totalt sett hatt ein kraftig auke i talet på søkarar. Samla sett er det 57 prosent høgare enn fjoråret. PPU har åleine hatt ein auke på 84 prosent målt mot 2015. Verdt å merke seg er også at Grunnskulelærarutdanning for 1.-7. årssteg har gått ned med 11 prosent på landsbasis, medan HVO aukar med 16 prosent. Søkartala til Grunnskulelærarutdanning for 5.-10. årssteg og Barnehagelærarutdanninga held seg stabile.

– Vi veit at det er eit stort behov for lærarar i framtida og vi er glade for at mange vel å ta lærarutdanninga si i Volda, seier fungerande studiedirektør, Ragnhild Paulsen Hamre.

Sosialfag og estetiske fag i vinden

Sosialfaga ved HVO er også populære. Barnevernspedagogutdanninga har auka med 46 prosent. Der ser ein også ein nasjonal oppgang, men den er ein del lågare enn auken ved HVO. Sosionomutdanninga held fram med gode søkaratal. Den har ein oppgang på sju prosent frå fjoråret, og søkartalet er det høgste nokon gang.

Medan estetiske fag har ein liten nedgang nasjonalt, opplever bachelorutdanningane Kunst og handverk og Teater og drama på HVO kraftig vekst i søkartala.

– Dette syner at vi har attraktive praktisk-estetiske fag i Volda. Teater og drama har lagt om bachelorgraden sin til å verte meir medieretta, dette kan også ha spelt positivt inn, meiner Paulsen Hamre.

Populære vidareutdanningar

På grunn av dårlege økonomiske tider i mediebransjen dei siste åra har journalistutdanningane i Norge merka ein nedgang i søkartala, så også for HVO. I år har ein i Volda delt opp bachelorutdanninga i to, der den eine er spesialisering i avis og nett og den andre i tv og radio. For første gang på fem år aukar søkartalet til journalistutdanninga i Volda, og ligg 11 prosent høgare over 2015. HVO har med det gått forbi Universitetet i Bergen når det gjeld talet på førsteprioritetssøkarar, og berre journalistutdanninga i Oslo har fleire søkarar i landet. I tillegg er det også ein markant vekst i søkartala til mastergraden Dokumentar og journalistikk.

HVO har eit breitt tilbod i vidareutdanningar, nettstudium og fordjupingsstudium. Søkartala for desse har aldri vore høgare.

– Vi treffer eit behov i samfunnet med desse utdanningane. Vi tilbyr fleksible studietilbod innan dei store skulefaga som er populære. Fleire av desse er framleis opne for søking, seier Paulsen Hamre.

pressefoto

Ragnhild Paulsen Hamre (f.v.), Jacob Kjøde jr. og Veronica Kvalen Pilskog

Del på