Reviderte nettsider i ny profil

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

– Vi veit at stadig fleire søkjer på internett for å finne informasjon. Difor er det viktig at vi har gode nettsider, fortel informasjonsleiar Per Arne Brandal.

Basert på brukarundersøkingar

I vår blei det gjennomført ei brukarundersøking der søkjarar svarte på kva for informasjon dei ønskte å finne på nettsidene til høgskulen, og korleis dei synest det var å finne fram.
– Tilbakemeldingane frå søkjarane våre var jamt over gode, men nettsidene kunne bli enda betre. Saman med tidlegare undersøkingar og teknologiske utvikling, danna dette grunnlag for dei endringane vi har gjort, seier Brandal.

Vevkoordinator jobber
SISTE FINPUSS: Vevkoordinator gjer dei siste justeringane før lanseringa av dei "nye" nettsidene. (FOTO: BIRGITTE BØEN)

Enklare og reinare

Endringane inneber blant anna meir målgrupperetta informasjon til dei ulike søkjargruppene og ny presentasjon av studietilboda ved høgskulen. Det er også gjort fleire grep i forhold til visuell utforming, med overgang frå tre til to spalter, ein meir lettlest skrifttype og gjennomført bruk av bilete. Informasjonsleiaren legg til at vevkoordinator har gjort ein «ryddejobb» i kodene bak nettsidene.
– Nettsidene er no enklare å vedlikehalde, og integrasjonen mellom ulike publiseringssystem er enklare, fortel han.  I løpet av 2013 vil det bli gjort fleire forbetringar i strukturen på sidene «For studentar».

Revidert grafisk profil

Dei «nye» nettsidene er også i tråd med den nye reviderte profilen.
– Vi hadde behov for å få ein heilskapleg grafisk profil for både trykte og digitale flater. Det er over ti år sidan høgskulen fekk den første profilhandboka, så dette året har vi også gjennomført eit prosjekt der vi har friska opp det grafiske uttrykket vårt, fortel førstekonsulent Birgitte Elise Bøen.

Om det grafiske uttrykket

Elementa i det grafiske uttrykket er inspirert av kunstforma origami, det å brette blanke ark og skape ulike former og figurar. Origami må lærast, det går ikkje å jukse med å klippe eller lime.
– Studentane som kjem til Høgskulen i Volda har blanke ark, og med den kunnskapen dei tileignar seg ved høgskulen skal dei kunne skape det dei ønskjer, fortel Bøen.

Del på