Rokken treng ny Bookingansvarlig og Personalansvarlig

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Stilling som Bookingansvarlig
Arbeidet vil bestå i å samarbeide med Daglig leiar på studenthuset Rokken. Som Bookingansvarlig på Studenthuset vil du i samarbeid med daglig leiar og leiargruppa blant anna få vere med å booke kva konsertar som skal vere på Rokken. Dette er ein svært spanande jobb, og du er med på å sette ditt preg på studentmiljøet. Vi treng deg som er oppteken av musikk og har lyst å lære meir. Du som søkjer må vere i Volda i eitt år til. Du vil også få god opplæring.

Søknadsfristen er 20. februar. Om du har spørsmål, send ein e-post til booking@rokken.no.

Stilling som Personalansvarleg
Den som har personalansvar har det overordna ansvaret for dei som arbeidar som hovudansvarlege (”HA”) og ”jobbgjengen” på Studenthuset Rokken. Som Personalansvarlig sit du også i styret i Studentsamfunnet og er med på å betre tilhøva for alle dei som er frivillige på huset. Arbeidet går ut på å lage arbeidslister, samt drive opplæring av nye frivillige og ”HA”.

Om dette høyres ut som noko for deg kan du sende søknad til post@rokken.no. Søknadsfristen er 20. februar.

2c0ddd6cb78bafc68657e4bfbf5d5a3c85dfdd64

Vil du vere Booking- eller personalansvarlig på Rokken?
Send søknad til post@rokken.no
Hugs søknadsfristen 20. februar.

Les meir om Studenthuset Rokken her

Del på