Sæther vann Studentprisen 2017

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

tmsather_620.jpg
Tormod Malvin Sæther under sin takketale for Studentprisen 2017.

Studenttinget i Volda, i samarbeid med Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden i Volda, delar kvart år ut ein pris til ein særs engasjert student eller studentgruppe. Som leiar av Studentsamfunnet i Volda og Veka – og med eit brennande engasjement for studenthuset Rokken – har Sæther stått fram som ein som brenn for studentmiljøet i Volda.

– Det er sjølvsagt veldig moro å få ein slik pris. Men utan resten av styret i Studentsamfunnet og veka, og alle dei frivillige på Rokken, hadde eg ikkje stått her i dag med denne prisen. Sjølv om eg likar å stikke meg litt fram av og til, er eg berre ein brikke i maskineriet, seier Sæther.

Juryen la vekt på engasjementet og ikkje minst omsorga Sæther viser for andre studentar.

Juryen si grunngjeving var slik:

Vinnaren av studentprisen 2017 har vist eit ekstra engasjement utanom det som er eller var forventa av han. Vinnaren har vist ein iver og motivasjon som studentmiljøet har hatt stor nytte av. Han er varm, og har ein omsorg for andre som bryt barrierar. Det kan vi sjå spesielt gjennom arbeidet hans som leiar av studentsamfunnet i Volda og med det ansvaret han har vist på Rokken.

Sæther har vist eit ekstraordinært engasjement og lyttar til alle som snakkar med han, samtidig som han har oppfylt sine egne to krav. Å ha det gøy som student, samtidig som han passer på at andre har det godt. Sæther tar på seg mykje ansvar i leiarposisjonar og vi har all grunn til å stole på at han gjer arbeidet bra, samtidig som vi veit at alle studentane som deltek er i gode hender.

Tormod Malvin Sæther er ein verdig vinnar av studentprisen og vi håper at han fortsetter å utvikle arbeidet han gjer for studentane i åra som kjem.

Del på