Samarbeider om direktesende førelesingar

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har saman med høgskulane i Sogndal, Stord/Haugesund og Norsk lærerakedemi i Bergen utvikla fjernundervisning i Norsk 2 for lærarstudentar. Samarbeidet mellom desse fire høgskulane skjer under paraplyen UH-nett Vest, eit samarbeid mellom universitet og høgskular på Vestlandet mellom Stord og Volda.
– Fagleg samarbeid og bruk av ny teknologi gjer at vi no kan tilby Norsk 2 ved studiestader som i utgangspunktet ikkje har mange nok studentar til å kunne ha norsk som fagval. Med dette pilotprosjektet ønskjer vi å hauste erfaringar som seinare kan kome andre fagmiljø til gode, fortel Hamre.

04e5012e7b7e544f8a621fd25bfb73c0563bf6dc
KLAR FOR UNDERVISNING: Dei vel 20 lærarstudentane ved Høgskulen i Volda gir her klarsignal til dagens førelesar, Ingunn Flatøy, lærar ved Høgskulen i Stord/Haugesund.

Stolt over tilbodet
Bakgrunnen for samarbeidet er at den tidlegare allmennlærarutdanninga no er erstatta av to grunnskulelærarutdanningar: Grunnskulelærarutdanning for klassetrinna 1-7 og Grunnskulelærarutdanning for klassetrinna 5-10. For høgskulane gjer denne delinga det vanskeleg å tilby valfridom knytt til studentane sine fagval og skulane sine behov i regionen. Samarbeidet gir også faglege gevinstar.
– Når fire fagmiljø er involverte, blir det lettare å finne faglege ressurspersonar på dei ulike emna i studiet. Det gjer at studentane heile tida møter faglege ressurspersonar som underviser i «sine» fagemne, seier Hamre.

Nytt utstyr
Rune Moe og Stig Flåskjer ved IT-avdelinga på Høgskulen i Volda har sidan i vår arbeidd med å finne riktig utstyr til fjernundervisninga.
– Etter ei anbodsrunde, valde vi til slutt å setje opp eit CISCO-system, som er eit av dei kraftigaste systema for videokonferanse på marknaden, fortel Rune, og legg til:
– Denne type system kostar, men vi tenkjer framover og meiner at dette er ei investering for framtida.  

2e4b8c5cc9021fae9773ded736e658a0547c1b6d
SPENNANDE SAMARBEID: Pål Hamre og Rune Mo synest det har vore spennande å samarbeide med kollegaene ved dei andre høgskulane, og å prøve ut ny teknologi i undervisningssamanheng.

Ser fordelar og ulemper
To av studentane ved Høgskulen i Volda som er med på pilotprosjektet er Ingeborg Einang Alnes og Elisabeth Livgård. Dei meiner fjernundervisninga har både sterke og svake sider.
– Fjernundervisning gir oss større variasjon i førelesarar og undervisningsmetode, men samtidig er det vanskelegare å følgje med og vere ein aktiv student.

913b314a5f4f539c6115dfcd7d1d91b66c0b22f9
PILOTAR
: Elisabeth Livgård og Ingeborg Einang Alnes synest det er kjekt å teste ut nye undervisningsmetodar som fjernundervisning.

Langt samarbeid
Jorunn Aske er emneansvarleg ved Høgskulen i Volda og har det siste året samarbeidd med dei andre høgskulane om både felles fagplan, undervisningsplan, pensum med meir.
– Det har vore utfordrande å koordinere samarbeidet i høve felles undervisningsdag og samtidige praksisperiodar. Vi er glad for at vi har fått det til, og har allereie hausta erfaringar som vi må lære av til neste studieår, seier Hamre.

Fordelt mellom høgskulane
I tillegg til undervisninga som skjer to dagar i veka, fordelt mellom høgskulane, har studentane eit felles rom i Classfronter som dei kan nytte til oppfølgingsspørsmål etter undervisninga.
– All studieinformasjon og alle innleveringar skjer i Fronter, og i tillegg følgjer vi opp studentane lokalt, fortel Hamre, som gleder seg til å halde fram med samarbeidet om fjernundervisning.

Del på