Samfunnsfagstudentar på Island

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Hovudtemaet var Island sin svært spennande og unike naturgeografi, men turen gav også innsikt i historie og samfunnsliv.
– Gode hjelparar frå lærarutdanninga ved Universitetet i Reykjavik var med oss undervegs, og gav oss eit solid fagleg grunnlag for det vi såg og opplevde, seier fagansvarleg og turleiar Odd Ragnar Hunnes.

6f42cfc0189e384c06e7dd2613f029fe95c3d97c
LÆRERIK TUR: Studentane og basaltsøylene på Dverghamrar.

Fornøgde studentar 
To av studentane, Kari Marte Sandvin frå Lesja og Malene Hatløy frå Fosnavåg, fortel om mange høgdepunkt: –  Reykjavik vart vi kjent med gjennom ein guida sykkeltur, då fikk vi med oss mykje. Meir enn vi trur vi hadde gjort om vi hadde tatt buss. Sjølvsagt kan ein ikkje gjere det på heile turen, men her var det så korte avstandar at sykkel var eit godt val, fortel dei.

Seinare på turen fikk dei ein lengre ridetur på islandshest. Ein annleis og artig måte å sjå landskapet på, i staden for å sjå det gjennom bussruta.

0f880ab77b778e76f57b1951785871e10f2f9aad
VILL NATUR: Kari Marte Sandvin og Malene Hatløy ved Hjálparfoss.

Besøkte geysir
Eitt høgdepunkt var Strokkur, den mest aktive geysiren på Island.
– Det var veldig fasinerande. Vi hadde store forventningar til Strokkur, noko den verkeleg klarte å innfri, fortel dei to studentane og legg til at eit anna høgdepunkt var å gå opp på toppen på vulkanen Eldfell på Vestmannaeyar. Fjellet vart danna under vulkanutbrotet i 1973, og på toppen fikk vi kjenne at fjellet framleis er varmt etter så mange år. Det var også viktig at vi fikk oppleve Thingvellir etter at vi hadde hatt om det i undervisninga før vi reiste, fortel dei.

Generelt erfarte studentane at det er viktig å ha ein del forkunnskap med tanke på at større forståing gjer det meir spennande og nært. Og før deitok flyet heim igjen, rakk dei eit bad i Den blå lagune. 

f29bebf8217456b23d0f3d49a4a39e1ec28d34cc
KALDT I VATNET: Axel G. Lund testar badetemperaturen i bresjøen Jökulsárlon

Tekst og foto: Nils Magne Magerøy

Del på