SfS samarbeider med haugenbok.no AS

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

SfS har drive Fagbok Volda i 14 år, og har i desse åra gitt studentane og Høgskulen i Volda eit godt fagbokhandeltilbod på campus. Overskot frå drifta har vore med på å utvikle studentvelferdstilbodet i Volda.

Haugen Bok vart starta i 1929. Frå 2009 har Haugen Bok vore ein rein nettbokhandel, og er kåra til Norges største og raskaste nettbokhandel.

Bokbransjen er i stor endring med mange og store utfordringar. Frå august 2013 vil Fagbok Volda AS vere eigd av SfS og haugenbok.no AS i fellesskap. Samarbeidet styrker og vidareutviklar bokhandelverksemda i Volda, og sikrar studentane i Volda eit godt fagboktilbod også i framtida.

Fagbok skal drivast vidare som tidlegare og overskot frå bokhandelen vil, som før, kome studentane til gode. 

Tekst: Bente Holvik , Studentsamskipnaden for Sunnmøre

Del på