Skambankt-konsert på Rust

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

14dfb8e0373b61a43dc2ffcd62228d3ba14b33e9

Med gitarist og frontfigur Terje Winterstø Røthing i spissen, som ein kanskje kjenner bedre som gitarist I Kaizers Orchestra, hadde Jærensbandet sin spede oppstart på midten av 90-talet. Dei var ikkje aktuelle før I 2003, då dei slapp den sjøltitulerte debutplata "Skambankt", som vart fulgt av "Eliksir" I 2007.

I kjølvatnet av "Eliksir" har bandet turnert store delar av Skandinavia, besøkt brorparten av dei store norske festivalane, varma opp for AC/DC på Valle Hovin og spelt for fleire tusen menneske på Roskildefestivalen I Danmark.

I januar I år kom det siste albumet, "Hardt Regn", og det er dette albumet som I hovudsak skal presenterast for publikummet i Ørsta.

Les meir på www.orstarock.no

Ørsta Rock er ein interesseorganisasjon og Rockeklubb som arbeider for tilrettelegging for både publikum og utøvande musikarar innan sjangeren rock i Ørsta-regionen. Foreininga arbeider for å få i orden eit tilbod om øvingslokale for lokale band, og for å få halde arrangement der lokale musikarar får framføre for eit publikum. Ørsta Rock arrangerer Spon RockFestival på årleg basis, I tillegg til enkeltståande konsertar med det mål å auke interessa for, og byggje miljøet for Rock og lignande stilartar på Søre Sunnmøre."

Del på