Skodespelar Yngvild Grotmol som gjesteførelesar

Tekst: Webmaster Volda

Denne veka er ho i Volda og jobbar med skodespel for kamera med studentane på emnet From script to screen. Grotmol har skodespelarutdanning frå både Rose Bruford i London, Lee Strasberg i New York og Nordisk Institutt for scene og studio (NISS) i Oslo. Ho har spilt teater ved Oslo Nye, Det Åpne teater og i fjor var ho Lady Arbuthnott her i distriktet. Ho har spilt i mange tv-reklamer og gjort mykje voiceover, men ho er kanskje mest kjend som Janne i NRK-serien SCHMOKK, og Susanne i filmen Upperdog. – Å få ein gjesteforelesar med mykje erfaring innan både film- og teaterkunsten er eit stort høgdepunkt for studentane, og det er eit spennande samarbeid for oss lærarar òg, seier seksjonsleiar Vibeke Preus Bech. 

6342412ad53fdec80de536930189905337c5aa7b

Meir om Yngvild Grotmol

Del på