Skredkurs på Standalhytta 14-16. februar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

67c4a6aca665138e26382c81baed54c3

Høgskulen i Volda, Natura og STiV inviterar til skredkurs der vi ser på korleis ein kan ferdast tryggare i fjellet om vinteren. Vi startar med info/teori på kvelden onsdag 12. februar på høgskulen, her er alle velkomne uavhengig om du skal vere med på resten av kurset eller ikkje. Vi fortset på Standahytta fredag kveld, laurdag og søndag med flotte og lærerike turar i fjellet. Det blir mange interessante diskusjonar om snø, ver, vind og mennesket sin påverknad på skredfaren. Det blir tips og triks om turplanlegging, kva som er lurt og å ha på seg og kva som er lurt å ha i sekken. Vi kjem og til å øve på kva ein må gjere dersom ein sjølv eller ein kamerat vert tatt av skred.

Påmelding

For å delta på den praktiske biten fredag-søndag, må ein melde seg på ved å sende e-post med namn, tlfnr, om ein har bil og evt kor mange plassar, og om ein treng å låne S/M, spade, søkestang eller kart til Natura: naturavolda@gmail.com merka med SKREDKURS 2014. Frist søndag 9. feb.
Vi kjem til å bu på Standalhytta frå fredag til sundag, og alle deltakarar får gratis opphald.
Ein må ha med 50 kr til «turleiarane» slik at dei får kjøpt inn til felles middag. Elles har kvar enkelt ansvar for å ha med sin eigen frukost. Det er kun 20 plassar, so ver rask å meld deg på :)

Program

Open for alle:
Onsdag 19:00-21:00
(kvelden er OBLIGATORISK om ein skal vere med til helga)
·Om kurset. Struktur og organisering.
·Teoriøkt med vekt på elementer skredkunnskap
·Kva er eit skred? Kvifor går det skred? Kor går det skred?

Fredag 18:00-21:00
(Krev påmelding: 20 plassar!)
·18:00: Avreise og innkvartering på Standalhytta.
·20:00-21:00: Teoriøkt. Faktorane snø, ver, terreng og mennesket
·Middag


Laurdag 
·         09:00: Teoriøkt om snø, snøomvandling og brotmekanismar. Turplanlegging·         10:00 – 16:00: Tur i området med vekt på terreng og snø. Snøprofilar og stabilitetstestar
·         Middag
·19:00-20:00: Teoriøkt. Meir om snø, snøomvandling og brotmekanismar.

Sundag
·09:00-10:00: Teoriøkt: Perspektiv på å bli tatt av skred.
·10:00: Tur i området med redning. Bruk av Sendar/mottakar, søkestang og spade.
·Oppsummering av kurset
·Rydding, vask og heimreise. Avreise ca 16:00.


Tidspunkt og innhald er berre forslag. Det kan bli gjort endringar på bakgrunn av ver, forhold eller andre ting.

Utstyr:
·Jakke og bukse (vind og vanntett)
·Ullundertøy
·Tjukk gensar/fleece
·Lue, vottar, hals/skjerf.
·Ryggsekk
·Skiutstyr (ski, sko, stavar, feller/skismurning)
·Spade, søkestang og Sendar/mottakar (”skredsøkar”). Alle kan låne S/M, spade, søkestang og kart av HVO. Gje beskjed!
·Kart og kompass (om du har)


Mat:
Fellesmiddag på laurdag. Til dei andre måltida ordnar ein mat sjølv. Standalhytta har stort kjøkken med alt.


Standalhytta:
Ta med sovepose eller lakenpose. Hyttetøfler er kjekt.
Det er ikkje brøyta siste 100m opp til hytta.

Transport:
Studentane samarbeidar om transport


Venleg helsing

HVO, STiV & Natura

Del på