–Skriv på engelsk

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Per i dag kjem den største delen av informasjon berre opp på plakatar på norsk. Slik mister mange av dei internasjonale studentane moglegheita til å ta på seg verv og melde seg på ulike arrangement. Dette igjen set avgrensingar for integreringa og er svært uheldig, seier Internasjonalt ansvarleg i STiV Becky Bakr.

Ho vonar fleire lag og organisasjonar vel å legge ein ekstra innsats i å omsetje informasjonen på plakatane sine til engelsk.

a4a68969775764524ba41fb5df1d76a4e8075b58

På inspeksjon:  Becky Bakr var ikkje heilt tilfreds då ho sjekka tavla utanfor Pangaia, kor all informasjon eigentleg skal stå på engelsk.

Språk inkluderer      

– Det er viktig at dei internasjonale studentane behandlast på lik linje med HVO sine eigne studentar og at dei føler seg inkludert. Gje ut meir informasjon på engelsk oppmodar Becky Bakr alle lag, organisasjonar og Studenthuset Rokken. 

Leiar for internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen, støttar STIV i ønsket om meir informasjon på engelsk. 

–Komande semester får vi rekordmange internasjonale studentar, og desse skal ha tilgang til dei same tilboda som dei norske studentane, seier Wilhelmsen.

Ho viser til at talet på Erasmus-studentar vårsemesteret 2012 vil vere 55. 

Del på