Søk-korpset hjelper søkjarar før studiestart

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert


abeef094d67c2c040397319d62718be70ad033cf
 
Kan hende at du vert student ved Høgskulen i Volda til hausten. Det er det mange gode grunnar til.  Lurer du på korleis det er å studere i Volda og kva slags fritidstilbod og aktivi­tetar du kan ta del i?  Vil du kort og godt vite korleis ein vanleg skuledag er lagt opp?

Høgskulen i Volda har to sentrale ordningar for å fange opp spørsmål frå aktive og nyfikne søkjarar: studentrettleiarane og portalen for studiestart. 

Studentrettleiarane

Studentrettleiarane har vore studentar i fleire år, anten ved Høgskulen i Volda eller ved høgskular og universitet i andre delar av landet. Silje Flåskjer, Ane Thea Galaasen og Grete Forsmo vil gjere det dei kan for å hjelpe deg.
 
Silje er frå Volda og held på med allmennlærarutdanning i Bergen. Ane Thea er ferdig med første året på journalistikk i Volda, og Grete går andre året på bachelor i PR, kommunikasjon og media.  Alle har god kjennskap til både bygda og studiestaden. Felles for dei alle er at dei veit korleis det er å vere student på HVO.

Studiestartportalen

Fram mot studiestart finn du mykje nyttig informasjon på www.hivolda.no/studiestart.  Vi har samla nødvendig  informasjon på ein stad med hjelpesider, kart, informasjon om campus, kontaktpersonar, rettleiing og rådgjeving, praktisk informasjon relatert til kvart studium, ofte spurte spørsmål, nyttige lenkjer osv. På studiestartportalen ligg  informasjon om studiestart 17. august: offisiell opning av studie­året, avdelingsvise orienteringar, sosiale aktivi­tetar, fadderveka osv. Du finn også biletegalleri frå studiestaden Volda, campus og studentaktivitetar.
 
Som ny student vert du ønskja formelt velkomen på opningsfesten. Etterpå vil kvar avdeling ha eige program der får du møte dei fagleg tilsette, medstudentar og fadderar. Sjekk ut www.hivolda.no/praktiskinfo, der finn du oversikt over når og kvar du skal møte.

Kontakt oss

Nøl ikkje med å kontakte Søk-korpset dersom det er noko du lurer på.

T: 70 05 48 00 (måndag-fredag 09.00-15.30)

sok@hivolda.no

Del på