Søkjer engasjerte studentar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

- Høgskulen er til for studentane. Dersom vi skal halde fram med å utforme eit tilbod som både studentane og samfunnet elles har utbytte av, treng vi studentane si røyst inn i styret, seier rektor og styreleiar Per Halse.

Føreslå kandidatar
Denne veka kan du nominere kandidatar som skal representere studentane i styret. Det er også behov for to vararepresentantar. Nominasjonslister er lagt ut i resepsjonen i Berte Kanutte-huset og Henrik Kaarstad-huset. Nominasjonssetelen legg du i urna i resepsjonen Berte Kanutte-huset.

Unikt overblikk
To som har testa livet som studentrepresentantar i Høgskulestyret er Sunniva Selena Bolseth og Eivind Nævdal-Bolstad.
- Det å sitte i styret gir eit unikt overblikk over organisasjonen. Det er ein del styrepapir å sette seg inn i, men plutselig innser ein at det som skjer på styremøta legg grunnlaget for det som skjer i klasseromma, seier Nævdal-Bolstad.

d0b5fe3ef5f1f1d4fd21d5adf3fb05c792c401d4
KLAR OPPFORDRING: Sunniva Selena Bolseth og Eivind Nævdal-Bolstad har berre positive erfaringar frå si tid som studentrepresentantar i Høgskulestyret, og oppfordrar studentane til å engasjere seg.
(Foto: Marieke Mulders)

Liten, men ikkje uviktig
Blant sakene på agendaen er alt frå budsjettrapportering til kva for fag og studieretningar skulen skal tilby.
- Erfaringa frå styrevervet gjer at eg har sett verdien av det å engasjere seg, og kor viktig det er at studentane bruker stemma inn i styret. Eg har sett at det nyttar, at vi blir hørt og utgjer ein forskjell. Det er unikt at vi som studentrepresentantar kan påverke rett inn i kjernen, legg Bolseth til.

Godtgjersle
Studentrepresentantane vil få ei innføring i kva som er forventa frå dei, samt kva rettar dei har. Dermed treng ein ikkje om å ha erfaring frå politisk eller organisasjonsarbeid frå før.
- Dette er ei flott moglegheit for å lære meir om drift og leiing av store organisasjonar, seier Per Halse.

Studentane vil også få ei økonomisk godtgjersle.

Noko for deg?
Sunniva og Eivind har to krav til dei som skal representere studentane i høgskulestyret.
- Du må ha eit ynskje om å gjere noko for studiekvardagen til studentane, og tørre å seie di meining. Vi har blitt tatt i mot av eit ope og inkluderande styre med mange kunnskapsrike personar. Det er ingen tvil om at vi no sitt igjen med verdifull erfaring, slår dei to fast.

Dette er høgskulestyret
Høgskulestyret er det øvste organet ved institusjonen. Styret har følgjande medlemmer: rektor, prorektor, to medlemmer valde blant tilsette i undervisnings- og forskarstilling, ein medlem valt blant dei teknisk og administrativt tilsette, to medlemmer valde blant studentane og fire eksterne medlemmer. Rektor er styreleiar. 

Nominasjonsperiode denne veka

  • Nominasjonsperioden er i perioden 19. september til 26. september kl. 12.00.
  • Svarfristen for dei nominerte er 30. september kl. 13.00.
  • Valkamp for studentrepresentantane frå 5-7. oktober.
  • Førehandsrøysting frå 4-6. oktober kl.15.00.
  • Valdagen er 12. oktober mellom kl. 09.00-15.00 i Berte Kanutte-huset, utanfor STiV-kontoret.

Meir informasjon
Les meir om val av studentrepresentantar. 

Del på