Søkjer engasjerte studentar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Torsdag og fredag vil dei to gå rundt i klasseromma og fortelje om sine erfaringar frå Høgskulestyret.

For studentane
- Høgskulen er til for studentane. Dersom vi skal halde fram med å utforme eit tilbod som både studentane og samfunnet elles har utbytte av, treng vi studentane si røyst inn i styret, seier rektor og styreleiar Per Halse.

Føreslå kandidatar
Fram til 21. september kan du nominere kandidatar som skal representere studentane i styret. Det er også behov for to vararepresentantar. Nominasjonslister er lagt ut i ekspedisjonen i Berte Kanutte-huset og Henrik Kaarstad-huset. Nominasjonssetelen legg du i urna i ekspedisjonen i Berte Kanutte-huset.

Unikt overblikk
To som har testa livet som studentrepresentantar i høgskulestyret er Sunniva Selena Bolseth og Veronica Kvalen Pilskog.
– Høgskulestyret er det øvste organet ved høgskulen og her kan du vere med å påverke eigen studiekvardag. Gjennom styrearbeidet får du innsikt i korleis organisasjonen er bygd opp og fungerer. Dette er nyttig erfaring uansett kva yrke du siktar deg inn på seinare, seier Pilskog.

Liten, men ikkje uviktig
Blant sakene på agendaen er alt frå budsjettrapportering til kva for fag og studieretningar skulen skal tilby.
– Erfaringa frå styrevervet gjer at eg har sett verdien av det å engasjere seg, og kor viktig det er at studentane bruker stemma inn i styret. Eg har sett at det nyttar, at vi blir høyrde og utgjer ein forskjell. Det er unikt at vi som studentrepresentantar kan påverke rett inn i kjernen, legg Bolseth til.

b135f8a76dc55bff497a0a77f507a5fdee83abb7
OPPFORDRAR STUDENTAR TIL Å ENGSJERE SEG.
Veronica Kvalen Pilskog og Sunniva Selena Bolseth seier dei har lært mykje som studentrepresentantar i Høgskulestyret. (Foto: Birgitte Bøen)

Godtgjersle
Studentrepresentantane vil få ei innføring i kva som er forventa frå dei og kva rettar dei har. Dermed treng ein ikkje om å ha erfaring frå politisk eller organisasjonsarbeid frå før.
– Dette er ein flott sjanse for å lære meir om drift og leiing av store organisasjonar, seier Per Halse.
Studentane vil også få ei økonomisk godtgjersle.

Noko for deg?
Sunniva og Veronica har to krav til dei som skal representere studentane i høgskulestyret.
– Du må ha eit ynskje om å gjere noko for studiekvardagen til studentane, og tørre å seie di meining. Vi har blitt tatt i mot av eit ope og inkluderande styre med mange kunnskapsrike personar. Det er ingen tvil om at vi no sit igjen med verdifull erfaring, slår dei to fast.

Premierer stor valdeltaking
For at valet skal bli reelt, er det viktig med flest mogleg kandidatar å velje mellom. Direktør Jacob Kjøde Jr. har difor lovd at om dersom minst ti prosent at studentane på campus stemmer til valet 9. oktober, blir det trekt ein vinnar av ein gratis iPad blant dei som har stemt.

Dette er høgskulestyret
Høgskulestyret er det øvste organet ved institusjonen. Styret har følgjande medlemmer: rektor, prorektor, to tilsettrepresentantar frå undervisnings- og forskarstilling, ein tilsettrepresentant frå teknisk og administrativt tilsette, to studentrepresentantar og fire eksterne representantar. Rektor er styreleiar.

Meir informasjon
Praktisk informasjon om val av studentrepresentantar
Høgskulen i Volda på Facebook
Høgskulen i Volda på Twitter
Voldabloggen - innlegg frå studentrepresentant Eirin Sørensen Røkke

Del på