“SØKKORPSET” ER PÅ PLASS!

Tekst: Webmaster Volda

ce5553fd6ed7e1183ad975fd605ad36bf4356a11
I år er Haakon Stensrud og Karoline Stokke på plass for å gjere det dei kan for å hjelpe deg. Dei to studentrettleiarane har vore studentar i fleire år, ved Høgskulen i Volda og ved høgskule og universitet i andre delar av landet.

Haakon studerer PR, kommunikasjon og media i Volda, medan Karoline har gått eit år skuleretta samfunnsfag ved Høgskulen i Volda. Ho går no på Grunnskulelærarutdanning 5. – 10. ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, og tek nettstudium i historie gjennom Høgskulen i Volda i tillegg. Dei har god kjennskap til både bygda og studiestaden.

– Dersom vi får spørsmål som vi ikkje kan svare på der og då, tek vi kontakt med søkjaren straks vi har funne svaret, seier Haakon Stensrud.

Studentane er tilgjengelege heile sommaren og dei har kontortid frå kl. 09.00 – 15.30.

– Ikkje nøl med å ta kontakt, seier Karoline Stokke. Søkjarar og andre skal kunne kontakte oss med alle typar spørsmål. Vi er òg studentar og har sannsynlegvis hatt mange av dei same spørsmåla.

Kontakt Søk-korpset via:

Telefon: 70 05 48 00

(Frå måndag til fredag 09.00-15.30)

E-post: sok@hivolda.no

Fram mot studiestart finn du også mykje nyttig informasjon påwww.hivolda.no/studiestart. Vi har samla alt du treng å vite på ein stad med hjelpesider, kart, informasjon om campus, kontaktpersonar, rettleiing og rådgjeving, praktisk informasjon relatert til kvart studium, ofte stilte spørsmål, nyttige lenkjer og så bortetter.

Del på