– Som tre roser i knappeskjorta

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

8da8fdad217cd48ae08c821916f0a058
Ingrid Marie Ulleland Moen (frå venstre), Kine Hauge Kvalsund og Ingrid Bringsvor.

Medan høgskulelektor i matkultur og helse ved HVO, Kari Ryslett, var dommar i konkurransen Kokkekamp for niandeklassingar på Blindheim ungdomsskule, sto Ingrid Marie Ulleland Moen, Kine Hauge Kvalsund og Ingrid Bringsvor på eit stand for HVO i Blindheimhallen rett ved. Dei tre studentane, som tek årsstudium i matkultur og helse, fortalde dei niandeklassingane frå fem Ålesund-skular som ikkje var med i Kokkekamp om kva som er god mat.

– Dei er kjempeflinke studentar, og dei var til uvurderleg hjelp sidan eg var dommar. Dei fortalde ungdomane om det høge sukkerinnhaldet i forskjellige drikkar og smårettar. Dei gjorde rett og slett ungdomane oppmerksame på kva godt kosthald og ernæring er. Også hadde dei laga ein fin stand med konkurranse og premiering. Det vart kjempebra med brosjyrar og plakatar, seier Ryslett før ho legg til:

– Ungdomane fekk også sjå fagbloggar som studentane hadde ordna. Dei tre studentane var som tre roser i knappeskjorta. Dei viste fram HVO og matkulturfaget frå si beste side, skryt Ryslett.

690ba26aef436dc073478914dc905ce2
Kari Ryslett (i svart forkle) var dommar i Kokkekamp. Foto: Ingebjørg Sporstøl.

Ho var sjølv også veldig nøgd med korleis kokkekonkurransen gjekk føre seg. Saman med mellom anna Bent Stiansen, Noregs første verdsmeister i kokkekunst, var Ryslett i ein jury som bedømde rettane til ungdomsskoleelevane.

– Dei var veldig flinke. Han eine i juryen er sensor i kokkeutdanninga, og meinte rettane likna på fagprøvene til kokkefagstudentane. Det er godt å sjå at ungdomen er interessert i matlaging, for det er kvardagsmaten vi vil fremje, seier Ryslett, som sat og vurderte maten skulder til skulder med Stiansen.

1ae2aa6925cc1b13755aad4601506389
Kari Ryslett og Bent Stiansen (til høgre) smakar på rettane. Foto: Ingebjørg Sporstøl.

– Han var fantastisk å samarbeide med. Han var open, raus og sjølvklart veldig sterk fagleg, seier Ryslett.

Del på