Spanande utveksling på Island

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert


–«Heittur pottur»- det er varme bad, ofte utandørs. Du finn dei same kvar på Island du er, forklarer Myrvang. 

Han bada i desse varme symjebassenga tre gongar i veka under opphaldet sitt på Island.

 –Fantastisk! Skryt Myrvang. 

d5f7334b9e5901ef4639863c0628ddce68242d46

"Heittur pottur": Snorre Sturlasons bad ved Reykholt- eit av dei mange varme bada på Island.



Stort utbytte

Den unge journaliststudenten hadde alltid drøymt om ein tur til Island og bestemte seg for eit studieopphald der, i staden for å reise som turist.

 –Du får ei heilt anna oppleving og kjem tettare inn på menneska og kulturen dersom du oppheld deg på ein stad over litt lengre tid. Sidan The University of Iceland tilbaud interessante fag eg ikkje kunne ta i Volda, var det midt i blinken for meg å studere i Reykjavik eit halvt år, seier Myrvang. 

Han rosar både førelesarar og fag, Reykjavik som by og den rå naturen på øya og anbefaler utan tvil Island til andre studentar.

–Men du reiser ikkje dit for tropevarme og storbyliv, ler han. 

Sjå studentprofil frå utvekslingsopphaldet 

eeac7b22a6bd65e8bd9db92b041b6c5db843760d

Sprutande, varm kjelde: Trym Myrvang framfor Geysir- geysiren fenomenet er oppkalla etter.

Erasmusavtale frå 2014

Høgskulen i Volda vil no arbeide for å utvide avtalen med University of Iceland, og frå 2014 vil utvekslingsavtala Erasmus gjelde for også Island. 

–Så langt er det få studentar frå Høgskulen i Volda som har hatt studieopphald på Island. Eg trur det vert meir attraktivt når studentane får høve til å reise dit med Erasmus-stipend, seier leiar for Internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen. 

Ho forsikrar at tilbakemeldingane er eintydig positive frå studentar som har utveksla til Island, og oppmodar fleire om å søkje seg dit til hausten.  

e53cb2f9cab5641a942cfe86f342db1a0ed6613b

Magisk foss: Hraunfossar ligg i Borgarfjörður vest på Island, og består av fleire krystallklåre småelvar som renn direkte ut frå Hallmundarhraun, ei lavaslette danna etter eit utbrot frå ein vulkan under isbreen Langjökull. 

Søknadsfrist for utveksling hausten 2012 er 15. mars til Internasjonalt kontor. 

Lurer du på eit utvekslingsopphald på Island, kan du snakke med Trym Myrvang på stand på Internasjonal dag 15. februar eller sende han ein e-post.

Del på