Spenstige dagar ved Høgskulen i Volda

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

I løpet av to dagar var ca. 750 avgangselevar frå grunnskulen på Søre Sunnmøre innom mange ulike postar. Postane i Voldahallen var samansett av vidaregåande yrkesprogram, opplæringskontor og representantar frå yrkeslivet. På campus fekk elevane vite meir om høgare utdanning og studiespesialiserande studieretningar.
– Målsetjinga med arrangementet er å gi avgangselevar i grunnskulen kunnskap og eit levande bilete av utdannings- og arbeidstilbodet i eigen region og fylket generelt, fortel prosjektleiar og regionkoordinator Torill Sølvi Engseth.

Gode ord frå lokale ordførarar
Ordførar i Ørsta kommune, Rune Hovde og ordførar i Sande kommune, Dag Vaagen stod for opninga av Karrieredagane 2012. Begge tykkjer arrangementet er ein viktig arena der elevane får innblikk i alle moglegheitene som regionen byr på.
– På Søre Sunnmøre har vi mange utdannings- og jobbtilbod, og dykk skal alltid vite at næringslivet og kommunane i området treng dykk, sa ordførar i Sande kommune, Dag Vaagen.

0f9fce7621f08169a2ce94cf3412bf2c28e54416
EIN VIKTIG ARENA: Ordførarane Dag Vaagen og Rune Hovde synest Karrieredagane er ein viktig arena.

Fornøgde elevar
To av elevane som fekk prøve seg som journalistar på standen til Høgskulen i Volda var Markus Hallaråker og Sunniva Dyrhovden, elevar ved Volda ungdomsskule.
– Dette var kjekt! Vi er framleis er usikre på kva vi skal velje, så Karrieredagane er midt i blinken for oss. Det gir oss eit godt innblikk i moglegheitene våre, fortel dei

e1ac68171871627f39288cfcf170c990b8789b34
TESTA JOURNALISTYRKET: Markus Hallaråker og Sunniva Dyrhovden synest det var kjekt å få prøve seg som journalistar.

 Gull verdt
Karrieredagane er ikkje berre eit viktig arrangement for elevane som skal velje, men også for bedriftene, skulane, og opplæringskontora i regionen. Ein av dei som synest Karrieredagane er gull verdt, er dagleg leiar for Opplæringskontoret for Tekniske Fag, Ruth Astrid Rødal.
–  Karrieredagane viser moglegheitene til dei som skal ta det vanskelege valet. For tekniske fag er dette med på å hjelpe oss til å rekruttere fleire til tekniske fag, fortel Rødal.

094b5f543827f59ff11b8167e91c9b520e84d410
GJER VALET ENKLARE: Ruth Astrid Rødal, dagleg leiar for Opplæringskontoret for Tekniske Fag, trur Karrieredagane er med på å hjelpe elevane til å velje riktig. Her saman med lærlingar ved ei av medlemsbedriftene, MMC Tendos i Herøy.

Stol på deg sjølv
Også NAV deltok under Karrieredagane, og Trine Pilskog, leiar i NAV for Sande kommune oppmoda elevane om å bruke sidene til NAV.
– Her kan du blant anna kan ta ein «Interessetest» som sjekkar kva slags yrke som kan passe for deg, sa Pilskog.

Den tidlegare idrettsutøvaren i mellomdistanse poengterte likevel fram at det er viktig å stole på seg sjølv og velje noko du interesserar deg for.

8788b15bf2a5e75db86a7d44bbc868d91749ef8f
MANGE MOGLEGHEITER: Trine Pilskog i NAV fortalde elevane at på Søre Sunnmøre er det mange jobbmoglegheiter.

Elevar hjelpte til
Ørsta vidaregåande skule ved studieretning Restaurant-og matfag hadde ansvar for matserveringa under arrangementet. Elevar frå studieretning Service-og samferdsel ved Ulstein og Volda vidaregåande skular var guidar, og under opninga begge dagane stod elevar frå Musikklinja ved Volda vidaregåande skule for underhaldninga. 

2426bd1c2318e5d745c817088892f73558be1211
«BESTEVENN»: Elevane ved Volda vidaregåande skule framførte blant anna songen «Bestevenn» av Odd Nordstoga.

Sjå meir bileter frå Karrieredagane på Facebook.


 

Del på