SPRÅKET I NÆRINGSLIVET – DAGSSEMINAR I IVAR AASEN-TUNET

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Arrangør: Forskingssenter for skriftkultur ved Høgskulen i Volda, i samarbeid med Nynorsk Kultursentrum, Nynorsksenteret og Allkunne.
Stad: Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda (www.aasentunet.no)
Tid: Onsdag 7. mai 2014, kl. 09.15–15.00

Ved Høgskulen i Volda finn du den einaste mastergraden i verda i nynorsk skriftkultur. I studieprogrammet undersøkjer vi skriftkulturen allment, samtidig som vi set fokus på den nynorske skriftkulturen og korleis denne har utvikla seg over tid. Dette dagsseminaret er det andre av det som no har vorte eit (v)årleg seminar, kvar gong med nytt tema henta frå interessefeltet til masterstudentane. Seminaret presenterer innspel og ny forsking frå sentrale fagfolk på det aktuelle feltet og gjev studentane høve til å presentere si eiga forsking for eit større publikum.

Tema for årets seminar er Språket i næringslivet, og utgangspunktet er Monika Haanes Waagans masterprosjekt om språkval i den maritime næringsklynga på Nordvestlandet. Dei maritime industribedriftene her er del av ei verdskjend maritim næringsklynge, og ho vert skildra som ei av svært få komplette maritime klynger i verda. Her finst internasjonalt leiande reiarlag, verft og utstyrsprodusentar. Som språksamfunn er den maritime klynga interessant – ikkje minst på grunn av kombinasjonen global industri og tette lokale band. Dette geografiske området er på same tid kjerneområdet for det nynorske skriftspråket. Vi veit at næringslivet er eitt av samfunnsområda der nynorsken aldri har fått skikkeleg fotfeste – trass i at skriftspråket har stått sterkt i regionen generelt. Vi ser også at klyngebedriftene som vel nynorsk som bedriftsspråk, er i mindretal. I masteroppgåva si lurer Monika Haanes Waagan på kvifor enkelte bedrifter trassar fleirtalet i klynga og vel nynorsk som bedriftsspråk – og dette seminaret er eit forsøk på å finne nokre svar på det.

Målgruppa for dagsseminaret er studentar og tilsette ved Høgskulen, studentar ved andre høgskular og universitet, lærarar på ungdomstrinnet og vidaregåande, representantar for næringslivet og elles journalistar, målfolk og andre med generell interesse for næringslivet og særleg interesse for språk.

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur feira ti år i 2012, og er no lagt til Forskingssenter for skriftkultur, ei nysatsing ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Med dette senteret satser Høgskulen sterkt på vekst i fagleg aktivitet, studentgjennomstrøyming og samarbeid med andre lokale aktørar som Nynorsksenteret og Nynorsk Kultursentrum. I februar 2013 kom jubileumsboka Der var ruskut å leggja utpå – ti år med mastergraden i nynorsk skriftkultur på Novus forlag, og vårsemesteret 2014 er det registrert 51 masterstudentar ved senteret.

Kontakt og påmelding:
Påmeldingsfrist er onsdag 30. april.

– Øystein Hide, phd-stipendiat og programansvarleg ved FS: ohide@hivolda.no, 988 31 401.

– Torgeir Dimmen, Senterleiar Nynorsksenteret, td@hivolda.no, 70 07 51 72

– Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Dagleg leiar i Allkunne, audhild@allkunne.no,
70 04 75 95

PROGRAM

Del på