Språket i sosiale medium

Tekst: Webmaster Volda

Forskingssenter for skriftkultur ved Høgskulen i Volda, i samarbeid med Nynorsk Kultursentrum, Nynorsksenteret, Allkunne og Språkåret 2013 skipar til dagsseminar i Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda (www.aasentunet.no)  torsdag 4. april 2013, kl. 09.15–15.00 Seminaret er gratis, men har ein påmeldingsfrist innan fredag 22.mars.

Dette dagsseminaret tar utgangspunkt i eit tema fleire av masterstudentane våre er opptekne av og skriv oppgåver om: Språket i sosiale medium. Det er det første av det som er tenkt å vere eit (v)årleg seminar, kvar gong med nytt tema henta frå interessefeltet til masterstudentane, og seminaret skal både presentere ny forsking frå sentrale fagfolk på det aktuelle feltet og gje studentane høve til å presentere si eiga forsking for eit større publikum. 2013 er òg «Språkåret», og dette vil vi markere ved at seminaret vert halde på Aasen-tunet, heimen til Nynorsk Kultursentrum, som òg er ansvarleg for Språkåret 2013 på oppdrag frå Kulturdepartmentet.

Meir informasjon og påmelding finn du her

Tekst henta frå Språkåret 2013 

Del på