Språkmiljø i barnehagen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Pedagogisk rådgjevar og masterkandidat Hanne Helle frå Haram kommune har levert masteroppgåva om «Barns rett til medverknad – ein demokratisk verdi?» Ho vil fortelje om prosessen ho har hatt i masterarbeidet sitt, og legge fram funna ho har gjort.

Hovudforedrag ved professor Liv Gjems ved Høgskulen i Vestfold. Tema: «Søkelys på språkmiljø i barnehagen». Gjems har leia forskingsprosjektet «Barns læring om språk og gjennom språk». Ho har her studert samtaler mellom barn og vaksne og mellom barn i barnehagen. Ho er no i gang med prosjektet: Førskulelærerstudenters læring om tidlig litterasitet – deres læringsbaner og studerer kva studentane meiner dei har lært om barns språkutvikling i utdanninga.

I tillegg vil GLØD Møre og Romsdal og Likestillingsteamet i fylket bidra på fagdagen.

Praksislærarar som er og har vore praksislærar i inneverande studieår kan få refundert reiseutgifter for fagdagen. Dei kan også få refundert reisetid over ein time kvar veg til fagdagen. Fagdagen er finansiert av Høgskulen i Volda og er difor utan deltakaravgift.
Av omsyn til servering bed likevel om at du melder deg på ved å fylle ut skjemaet under seinast 15.april.

Program og påmelding

Del på