– STATSRÅDEN SPØR OG ME SKAL SVARE

I talen sin ved semesteravslutninga 18. juni, nytta rektor Per Halse høvet til å peike på dei mange utfordringane han finn i brevet frå Kunnskapsdepartementet om framtidig struktur i UH-sektoren. Les talen i sin heilskap her.

Gode medarbeidarar!

Me har nyleg fått eit brev; minister Torbjørns fyrste epistel til små og store forsamlingar i det norske UH-landskapet.

Bodskapen i brevet er utfordrande. Alle universitet og høgskular har fått i oppdrag å ransake seg sjølve – for å sjå om me er «på fortapings veg» (jf. Salme 139  – i eldre omsetjing) og om korleis me kan leiast på rett veg.

Målet skal vere høgare kvalitet, men det statsråden konkret bed om innspel til, handlar mykje om kvantitet, konkurransekraft og struktur. Dei mange delspørsmåla og kulepunkta i brevet kan samanfattast i dette overordna spørsmålet – som de no skal få sitert ordrett i kunnskapsministerens eiga språkform:

«Hvor og hvordan finner og realiserer din institusjon sin strategiske posisjon i et UH-landskap med færre institusjoner, en krevende demografisk utvikling (for mange læresteder) og med tydeligere forventninger til akademisk standard (læringsutbytte, forskningskvalitet) – forventninger som følges opp og får konsekvenser? (s. 3)»

Brevet er sjølvsagt offentleg, og me skal gjere det lett tilgjengeleg på heimesidene slik at de kan lese alt i samanheng, kjære kollegaer. Men lat meg her nemne nokre av spørsmåla me er bedne om å drage inn i vurderinga av den strategiske posisjonen for høgskulen:

  • Bør institusjoner med få søkere og lave studenttall legge ned tilbud som er dekket av andre i regionen, eller som faller utenfor institusjonens definerte profil?
  • Hvor lave kandidattall er forenelige med studiekvalitet, robusthet og kostnadseffektivitet?
  • Bør små mastergrads- og ph.d.-programmer samles på noen utvalgte institusjoner for å sikre at mastergrads- og ph.d.-studentene inngår i et fagmiljø?
  • Bør profesjonsutdanningene tilbys på færre institusjoner, slik at fagmiljøene er mer robuste?
  • Hvordan kan vi sikre at profesjonsutdanninger med korte forskningstradisjoner er FoU-baserte (s. 3)?

De høyrer vel at retorikken her løyver lite tvil om kva retning departementet ynskjer å styre i. SAK har no vorte til SAKS. For å få ny fart på det som har vore friviljuge prosessar med Samarbeid, Arbeidsdeling og Konsentrasjon, har det nye regimet lagt til ein slutt-S – for Samanslåing. Ein sentral del av oppdraget me har fått er å svare på fylgjande spørsmål:

Hvordan kan institusjonen styrkes gjennom sammenslåing med en annen eller flere andre institusjoner, eller hvordan kan institusjonen bidra til å løfte kvaliteten på utdanning og forskning ved andre institusjoner gjennom sammenslåing (s. 4)?

I dette arbeidet vert me no pressa av knappe tidsfristar. Men her ved HVO var me allereie i gang med ein strategiprosess som ministerbrevet aktualiserer og understrekar konteksten for:

  • 8. mai hadde me strategiseminar for alle avdelingsråda – der dei fekk presentere avdelingane og møte statssekretæren.
  • 4. og 5. juni hadde me styremøte med strategiseminar i Ulsteinvik.
  • 11. juni stod oppdragsbrevet sentralt på styremøtet i UHnettVest i Bergen.

Tidsplanen framover er slik:

  • I sommar skal saka førebuast til eit ekstra styremøte 22. august. Til det høyrer eit notat på ei side om status i arbeidet og om kva strukturendringar høgskulen vil diskutere i eit dialogmøte som deptet har kalla oss inn til i september.
  • 27. august skal dette korte notatet sendast til KD.
  • 1. og 2. sept er det styremøte i UH-nett-Vest i Sogndal.
  • 17. september vert det møte med departementet (i lag med andre inst. i Midt-Noreg). Deptet har i alt fem slike regionale dialogmøte i sept.
  • 25. sept. vert det høgskulestyremøte der det m.a. er lagt opp til å vedta ny strategiplan.
  • 28. og 29. oktober er det nytt HVO-styreseminar.
  • 31. oktober er fristen for dei endeleg innspela til KD.
  • Våren 2015 vil deptet legge fram ei stortingsmelding om struktur i høgare utdanning.

Eg er oppteken av at de alle vert involverte i desse prosessane. Avdelingsråda er viktige, men spørsmåla bør også drøftast i seksjonar, institutt og andre fora. Frå AHL fekk me tips om å vurdere allmøte, og eg kan tenkje meg å få til eit slikt rundt semesterstarten i august.

Svara på spørsmåla frå statsråden skal styret vårt etter kvart ta stilling til – etter så gode prosessar som råd i organisasjonen, men eg kan ymte litt om kva eg sjølv tenkjer:

Gjennom dei seinare åra har me fått i stand fleire spennande og fruktberre samarbeidstiltak i ramma av UH-nett-Vest. For å styrke fagmiljøa våre og dei viktige utdanningane ved HVO meiner eg det er rett å intensivere kontakten og samhandlinga med UiB og høgskulane på Vestlandet. Me har sams interesser i å styrke Vestlandet som forskings- og utdanningsregion, og på styremøtet i førre veke vart det vedteke å få analysert vilkåra for ein meir forpliktande struktur i nettverket.

Det vil seie at me i fyrste omgang ikkje ser føre oss fusjonar på Vestlandet, men kanskje kan det vere eit alternativ å opprette eit organ som me kan overføre noko av suvereniteten vår til. At me altså framleis har ein høgskule i Volda med eige styre, men at dette styret kan vedta at t.d. eit vidareutvikla UH-nett-Vest kan få fullmakter til koordinering, samkøyring av forskingsprosjekt og studietilbod; eventuelt disponere meir av ressursane enn i dag osv. Dette er som de forstår enno ikkje konkretisert – og me veit ikkje om styresmaktene vil vere nøgde med ein slik modell –, men eg meiner i alle fall at me tydeleg har faglege tilknytingspunkt og sams interesser i det vestnorske universitets- og høgskulenettverket.

Dei av dykk som har hange med og høyrt etter til no, vil ha oppdaga at dette ikkje har vore nokon ordinær takk-for-innsatsen-i-år-tale. Difor gjer eg her eit innskot og seier: For all del; mange takk for ihuga og flott innsats også gjennom dette studieåret! Men eg meiner brevet frå ministeren er så viktig, at det var grunn til å nytte høvet til å dele bodskapen med dykk. De fortener alle nokre rolege sommardagar etter kvart, og eg veit det vert travelt med mangt og mykje også kring semesterstarten. Samstundes er det som kjem ut av dei aktuelle strategi- og strukturprosessane truleg det mest avgjerande som har funne stad i sektoren vår sidan epoken under Gudmund Hernes.

Tidlegare når det har vore ymta om store endringar for HVO, har eg ofte brukt munnhellet om at det ikkje vert i mi tid. Men for kvart nytt utspel den politiske leiinga i departementet har kome med, har det vorte klarare for meg at dei ikkje berre vil snakke om kvalitet, konkurranse og struktur; dei vil også syne handlekraft og få endringar vedtekne.

5967475cba5bd2f141f697969c5cd2ff

– Me lever altså i spennande tider, og eg er oppteken av at me ikkje går i dekning i gamle skyttargraver, men at me i lag finn ut korleis også det vindauget som deptet no har opna, kan nyttast til nytenking og positiv utvikling for fagmiljøa våre og studietilboda i Volda, sa rektor Per Halse på semesteravslutninga for dei tilsette ved Høgskulen i Volda.

Me har eit godt utgangspunkt på mange område. Me er rike på hjernekraft og humankapital, på kreativitet og kulturell kapital. Det er ikkje tid for depping, men me skal vite at viktig arbeid ligg framføre. Saman satsar eg på at me skal gjennomføre også desse prosessane med optimisme og frisk dugnadsånd. No skal me i alle fall fyrst ete, drikke, nyte sommaren og vere glade. Ver så god – og lukke til med ferievekene som nærmar seg!

Brevet frå kunnskapsministeren.

Del på: