– Stolt av konseptet

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

b12de28c642589747b026b0a85273513
Gunhild Nordvik Reite i eit av to auditorium som husar studentane under SOM-seminaret.

SOM-seminaret er namnet på samlinga, som viser til «saman om omsorg for barn». Det er stort sett studentane som går andre året på barnehagelærar, grunnskulelærar, faglærar kunst og handverk, barnevern og sosionom som er med på seminaret. Det tok til måndag og avsluttast torsdag med en case-dag der studentane vert delt opp i grupper på tvers av utdanningane. Dei tre andre dagane får studentane fagleg påfyll av både interne og eksterne forelesarar.

Uvanleg

Hensikta med seminaret er å gjere studentane merksame på kvarandre sine roller i møtet med barn som har behov for hjelp av det offentlege hjelpeapparatet.

– Vi er stolt av konseptet vi har fått til her. Eg trur ikkje det er vanleg i Noreg, eg har i alle fall aldri høyrt om noko liknande, seier Gunhild Nordvik Reite, høgskulelektor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda og medlem av planleggingsgruppa til SOM-seminaret.

– Studentane representerer yrkesgrupper som skal samarbeide i arbeidslivet og arbeide med barn som opplever omsorgssvikt og overgrep. Skal barna få best mogleg hjelp, må til dømes lærarar og barnevernspedagogar kjenne til kvarandre sine ansvarsfelt, fortset Reite.

Felles plattform

Forelesarane har forskjellig bakgrunn, der det mellom anna er ein klinisk psykolog og ein jurist.

– Vi ønskjer å ha breidde i tematikken. Difor har vi fått med tilsette ved høgskulen, men også eksterne som kan supplere med andre tema. Håpet er at det skal gi studentane ny fagkunnskap og inspirasjon, seier Reite.

Seminaret har gått over fleire år, men det er først dei siste åra at det har vorte så omfattande når det gjeld tal på studentar og studieretningar som det er no.

– Dette skal på ein måte vere ein felles plattform for dei. Vi vil gi studentane kunnskap om korleis dei skal få barn i tale, lovverk som er relevant for barn og mekanismar rundt samarbeid mellom barnehage og skule og barnevernet.

Gode tilbakemeldingar

Torsdag avsluttast seminaret med at studentane arbeider med et case i grupper. Det vil vere realistisk og tek for seg ein familie som har tre barn i ulike alderskategoriar. Gruppene er delt inn slik at barnehagelærarstudentane til dømes får caset med det yngste barnet.

– Då skal gruppene vurdere om barnet har behov for hjelp frå til dømes barnevernet, og kva slags hjelp det skal ha. Vi har fått gode tilbakemeldingar på heile opplegget tidlegare, og studentane har sett nytta av det. Det er også ein av grunnane til at vi gjentek seminaret i år, avsluttar Reite.

Under kan du sjå kven foredragshaldarane er og kva forelesningane deira handlar om:

Vigdis Bunkholdt (klinisk psykolog): Korleis oppdage omsorgssvikt? Årsakar til, og teikn på, omsorgssvikt.

Hilde Engja (førskulelærar, arbeider i BUF-etat sitt fagteam): Strategiar for å få barn i tale, og om korleis bruke denne informasjonen.

Heidi Reese (førskulelærar, barnehagestyrar med tidlegare ansvar for avdeling for utsette barn): Samarbeid barnehage – barnevern.

Kristin R. Bjørnøy (lærar, administrasjonssjef, tidlegare rektor): Samarbeid skule – barnevern.

Egil Arne Standal (høgskulelektor, jurist): Relevante lovreglar og meldingar til barnevernet.

Bente Hasle (førsteamanuensis ved institutt for sosialfag, HVO: Foreldrekraften.

pressefoto

Gunhild Nordvik Reite

Del på