Stor konkurranse om studieplassane til friluftsliv

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

a2892483e05fce3662f88d8d32039cf3
På friluftsliv blir det lagt vekt på gode naturopplevingar og inføring i inspirerande fysiske aktivitetar.

På bachelorutdanninga i friluftsliv er det i år 2,6 søkjarar per studieplass og på årsstudiet heile 6,2 søkjarar per studieplass. Dette er like hard konkurranse som søkarane til årsstudium i psykologi ved Universitetet i Oslo. Ingen andre høgskular kan skilte med tilsvarande søkartal for friluftsliv.

– Vi må faktisk tilsette fleire fagfolk ved seksjonen for å kunne ta i mot så mange studentar, seier Synnevåg Løvoll.

?hash=b8b0f06bc6aa556d3ce7481e089dc149
Årets kull på årsstudium i friluftsliv.

Kvifor Volda?

– Idrett og friluftsliv har vore populære fag lenge, og fleire høgskular tilbyr liknande utdanningar. Det er difor kjekt å registrere at Høgskulen i Volda aukar søkinga trass større konkurranse om studentane. Eg trur at Volda er eit populært val på grunn av den fantastiske og varierte naturen med hav, fjord og fjell, gode fagfolk og eit godt rykte, seier Synnevåg Løvoll.

Arbeidsmarknaden

Det skjer mykje innanfor friluftssektoren i Noreg, og mange etterspør spennande opplevingar innanfor trygge rammer. Her er det tale om turisme, og aktivitetar innan helse- og skulesektoren.

– Vi ser ein sterkt veksande arbeidsmarknad og det opnar seg stendig fleire karrierevegar for kandidatar med utdanning frå Volda. Ein populær veg er utdanning som naturguide. Utdanninga er retta mot personar som driv eller ønskjer å starte med gaiding i naturen som eiga næring eller å kvalifisere seg til arbeid hos eksisterande reiselivsaktørar. Elles aukar behovet for denne kompetansen innan helse- og utdanningssektorane, seier seksjonsleiaren.

Idrett

Høgskulen i Volda har også ei bachelorutdanning og årsstudium i idrett. Søkjartala til desse utdanningane er også gode. Studentane på desse utdanningane siktar seg gjerne inn på eit virke som lærarar i kroppsøving i skuleverket.

– I fjor var der ein nasjonal nedgang til desse utdanningane, ein nedgang vi ikkje har merka i Volda. I vår var det heile 42 studentar som leverte avsluttande bacheloroppgåve i idrett, avsluttar seksjonsleiar Helga Synnevåg Løvoll.   

Del på