Strukturdebatten: Statsråden vil ha avklaring på nyåret

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda fortel at dei på møtet igjen vart minte om at universitets- og høgskulelandskapet om få år vil sjå ganske annleis ut enn i dag. Samtalar om samanslåingar er i gang både i Nord-Noreg, i Trøndelag, på Austlandet og på Sør-Vestlandet.

9c3170949159825c9a3fb462b495dce7

Noverande mellomstore høgskular som Høgskulen i Volda vil i det nye landskapet verte mellom dei aller minste. Statsråden utfordra særleg skulane  i Sogn og Fjordane og i Volda til ei grundig gjennomtenking av korleis vi skal ta ansvar for den nye femårige lærarutdanninga, seier rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda..

– Kva meldingar fekk dei andre som var innkalla til møtet?

– Ålesund får vente på ei avklaring ved NTNU i Trondheim. NTNU har fått frist til eit styremøte i slutten av januar med å avgjere om dei vil knyte til seg nokre høgskular med teknologiprofil (Ålesund, Gjøvik og Narvik). Molde fekk tydeleg melding om at høgskulen deira er for liten til å få halde fram åleine. Høgskulen i Bergen fekk derimot høyre at dei er store nok til å kunne halde fram som no. Samstundes presiserer leiinga der at dei er opne for nærare samarbeid og moglege fusjonar både med andre høgskular og med Universitetet i Bergen.

Per Halse gjev uttrykk for at det var ein god tone i møtet.

– Eg opplever at departementet framleis vil ha dialog med oss som strukturdebatten gjeld, seier han, samstundes som statsråden er klar på kven som skal ta avgjerdene. Som rektor følgjer eg opp vedtaka som styret vårt har gjort. Det inneber vidare samtalar med granneskulane for å få til ei regional løysing.

– Kva er alternativet til ein ny og samla ”fjordhøgskule” på Nord-Vestlandet?

– Anten vi likar det eller ikkje, synest det mindre og mindre sannsynleg at høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane får halde fram med det sjølvstendet kvar av oss har i dag. Alternativet til ei regional løysing kan fort verte større einingar med sete i Bergen eller Trondheim, meiner Halse.

– Kva tidsperspektiv har ministeren i struktursaka? 

– Januar synest å verte ein lagnadsmånad. I departementet fekk vi høyre at dei er i full gang med å skrive på stortingsmeldinga. Dei streka under at nye innspel frå sektoren må kome tidleg på vinteren. På spørsmål frå oss om kor detaljert meldinga vert om konkrete samanslåingar, svara statsråd Isaksen at det vil kunne variere mellom tre nivå: For det eine er nokre fusjonssamtalar alt i gang, det neste er at meldinga vil drøfte nye samanslåingar som bør kome på plass relativt raskt, og for det tredje vil det peikast på løysingar som kan verte aktuelle om nokre år. Kunnskapsministeren var soleklar på at det ikkje ligg til Stortinget å gjere vedtak om konkrete fusjonar. Slike avgjerder vil kome som kongelege resolusjonar, og då vil det også kunne leggast inn vilkår som t.d. ”freding” av studiestadar gjennom ei viss tid, avsluttar Halse. 

Del på