Student med barn? SfS tilbyr helgeavlasting

Tekst: Webmaster Volda

Studentsamskipnaden har eit tilbod til studentar med små barn om avlasting enkelte helgar. 20.-21. november har du tilbod om avlasting i Røysmarka studentbarnehage frå kl. 15.00 på laurdag til kl. 14.00 på søndag. Prisen er kr. 200,- pr. helg for første barn, og kr. 100,- for barn nr. 2 og 3.

Frist for påmelding er 8. november.

Korleis søkje?
Søknadsskjema får du hjå SfS. i studentbarnehagen eller her. For meir informasjon kan du kontakte studentrådgjevar Ann-Kristin, t: 70 07 51 88/ 992 37 980 eller Studentsamskipnaden t: 70 07 52 40.


Del på