Studentar bloggar frå ekskursjon i Kenya

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

196acbcf78f1504bcb683358c04c58cc19eef7a0

Dette har vore ein ekskursjon med stor breidde, skriv dei på bloggen.

"Vi oppheldt oss mest i Nairobi-området, men var også i Pokot i vest, ved Viktoriasjøen, i området vest for Mount Kenya og ved Mombasa-kysten."

Studentane har vitja skular, to lærarutdanningsinstitusjonar, ulike verksemder som til dømes produsentar av te, kaffe, sukker og brød.

På landsbygda har dei vitja marknad, kyrkje, helsestasjonar, og fått lære om særeigne kulturar. I tillegg til å lære om kultur, fekk studentane geografikunnskap gjennom ekskursjonane til alt frå fjell, ulike vulkankrater, sjøar med unikt dyreliv og korallområda i Det indiske hav, samt det eksotiske dyrelivet i Masaai Mara nasjonalpark.

Les meir på bloggen da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Del på