Studentar direktesender Kvivsvegopning

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

Sendinga som studentane har arbeida med i nær fem veker er eit samarbeidsprosjekt mellom journalistikk og Media, IKT og design (MID), der journalistane står for innhaldet og MID er ansvarleg for det tekniske.
– Desse studentane har ulik kompetanse og utfyller kvarandre godt, fortel emneansvarleg ved MID, Dag Svein Roland, og legg til: saman får vi til prosjekt som elles ikkje villa vore mogleg.

b2960926ffe931d375c572ba10bee9be6c3d0d99
SOMMARFUGLAR I MAGEN:
Ingrid Wilberg Arnesen, innspelingsleiar Kristin Norheim og Margrete Holøyen håper at sendinga blir vellykka. 

Bratt læringskurve
Prosjektleiarane for sendinga, Margrete Holøyen og Ingrid Wilberg Arnesen, høvesvis andre års student ved MID, og tredje års student på TV-journalistikk, synest samarbeidet både har vore spennande og utfordrande.
– I løpet av dette prosjektet har vi blant anna lært kor avhengige vi er av kvarandre. Om ikkje journalistikkstudentane leverer innhaldet, er det lite vits at det tekniske er på plass, fortel Holøyen.

I tillegg til eit spennande samarbeid, har også prosjektet gitt studentane ei bratt læringskurve.
– Sidan vi starta planlegginga har vi hatt frie tøylar til å bestemme korleis vi ynskjer å produsere denne sendinga, der lærarane har vore meir observatørar enn deltakarar. På denne måten har vi som studentar fått utfordra oss sjølve, fortel Arnesen.

Stolt lærar
Førstelektor ved Avdeling for mediefag, Pål Aam, synest også at det har vore eit interessant prosjekt, der studentane har vist at dei klarer å arbeide sjølvstendig.
- Det er stor stas at studentane har teke så mykje ansvar og jobba hardt fram mot sendinga, fortel han.

20ebd18c6a6250d58fd47c428eac33bf8559c5d7
MYKJE PLANLEGGING: Thomas Mariaga Olsen tek siste briefing med Melissa Kvalsund Nerland. 

Innhaldsrik sending
Sendinga som skal på lufta laurdag klokka 12.15, skal etter planen vare ein time og bli direkte overført frå studioet i Fyrde til Nærnett sine nettsider.
- Vi har laga sju ulike reportasjar som handlar om å knyte folk saman, fortel Arnesen, og legg til: Dette skal ikkje berre vere ei sending om sjølve tunellen, men kva denne opninga gjer med omgivnadane som er rundt.

I tillegg til reportasjane blir det gjestar i studio, og direkte overføring frå journalistar som vil vere plassert på Grodås og inne i tunellen.
- Vi håper at dette blir ei spennande og innhaldsrik sending som folk ynskjer å sjå på, fortel Margrete Holøyen, og oppmodar alle til å sjå sendinga frå http://www.nernett.no/



Del på