STUDENTAR GJENNOMFØRTE LOKALSAMFUNNSANALYSE

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

6bdd168cff7ce1ee48ba52e191dfd43f29b4dc49

For to veker sidan gjennomførte studentar ved første året på Bachelor i Planlegging og administrasjon og Årsstudium i Samfunnsvitskap lokalsamfunnsanalyse i Hornindal og Stryn kommunar.  Frå måndag til torsdag hadde studentane eit eige feltopphald, med tilhøyrande datainnsamling.

FRÅFLYTTING AV UNGDOM

Ida Haug Theodorsen var i ei gruppe på fem studentar som jobba med den sjølvvalde problematikken kring fråflytting av ungdom. Som ein del av problemstillinga såg dei også på universell utforming av skulebygg. I tillegg såg dei på konsekvensane av nedlegging av ein av dei to ungdomsskulane i Styn kommune, Olden ungdomsskule. Sistnemnte ville føre til at nokre av elevane fekk opp til 50 minuttar i buss til skulen kvar veg.

For å undersøke problemstillingane hadde gruppa ute anonyme spørjeundersøkingar i to klasser på tiande klassetrinn, ei på Stryn ungdomsskule og ei på Olden ungdomsskule. Dei fann ut at det elevane rekna som avgjerande fraktorar i forhold til framtidig bustad var jobbtilbod, ektefelle og familie. Trass at mange ønskjer seg til urbane miljø etter endt studie, gjeld det ikkje alle. Dei som ikkje ønska å ta høgre utdanning ville i større grad bli verande i kommunen. Theodorsen understrekar at dette ikkje er definitive resultat, men det dei ser i to klassar i kommunen.

ALLSIDIG BACHELOR

Theodorsen går på Bachelor i Planlegging og administrasjon første året. Ho synest det er veldig fint å få prøvd ut ein av mogelegheitene ein har med bacheloren, nemleg å forske på trendar. Med innpass av 60 studiepoeng i Matkultur og helse frå hennar første år i Volda skal ho no byrje rett på tredje året etter sommarferien. Ho er nøgd med studievalet sidan det er relevant i eit vidt spekter av stillingar.

─ Det er nok val av mastergrad som kjem til å snevre inn utdanninga, og kva jobb eg ser for meg etter studie. Det har eg heldigvis heile neste år å tenkje på, seier ho smilande. 

Del på