Studentar tok over styringa i barnehagar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

bea15917c6d2823d32247021e49ba28b
Nokre av studentane i Farkvamen barnehage gjennomførte estetiske opplevingar i skogen. «Kva ser vi, kva høyrer vi, kva luktar vi?».                                    Foto: Septìna Selma Einarsdòttir.

I april og mai har studentane ved 3. årssteg førskulelærarutdanning gjennomført fire veker praksis i barnehagen. Barnehageovertaking har vore ein sentral del av denne praksisen. Desse 55 studentane er dei siste i heiltidsutdanninga ved Høgskulen i Volda som gjennomfører førskulelærarutdanning, då denne utdanninga blei erstatta av Barnehagelærarutdanninga hausten 2013.

Bygde relasjonar

I Volda, Ørsta og Ålesund har desse studentane hatt praksis i fem ulike barnehagar: Hjellbakkane barnehage, Rotset barnehage, Hovdebygda barnehage, Farkvamen barnehage og Barnas Hage Larsgården. Dei første vekene la studentane eit godt grunnlag før overtakinga ved å skape gode relasjonar til barna, foreldra, pedagogane og assistentane, samt å gjere observasjonar og kartleggingar.

Studentane måtte setje seg inn i formell struktur, kultur og mål i barnehagen. Dei jobba mot at alle barna skulle vere trygge på dei under overtakinga, og oppleve leik- og læringsprosessar av god kvalitet. Studentane planla ulike temaarbeid som skulle setje sitt preg på opplevingane dei gav barnegruppa desse dagane.

– Gode erfaringar

Etter ei observasjonsperiode starta sjølve overtakinga for studentane. Assistentane gjekk ut av barnehagen og hadde ulike opplegg. Blant anna deltok dei på forteljarkurs ved Høgskulen i Volda. I barnehagane tok pedagogisk leiar over rolla som assistent, medan studentane tok over rolla som pedagogiske leiarar. Styrar fekk ei rolle som assisterande styrar, medan to av studentane fungerte som styrarar i barnehagen. Samtidig som studentane gjennomførte temaarbeidet,  hadde dei ansvar for innhaldet i heile barnehagen frå den opna til den stengte. Pedagogisk leiar og styrar var rettleiarar og gav studentane ei individuell vurdering etter praksis.

– Farkvamen barnehage er med på praksis med barnehageovertaking for andre gang. Begge gangane har hatt gode erfaringar med å ta imot studentar i denne praksisen. For studentane vert det ein meir reell praksis, seier styrar ved Farkvamen barnehage, Ellen Marie Bjørdal Eikenes.

Ho ser at dei får meir erfaring i å samarbeide på tvers av avdelingane, ta leiaransvar og jobbe med reell bemanning. Ho legg til at dei tilsette i barnehagen også har utbytte av dette. Praksislærarane har fått mange nye impulsar, og assistentane har hatt åtte arbeidsdagar utanom det vanlege. Assistentane ved Farkvamen barnehage har hatt spanande kursdagar på Høgskulen i Volda, barnehagebesøk i Fosnavåg og på Hareid samt fått fagleg påfyll av styrarstudentane.

– Fantastisk lærerikt

Høgskulelektor Hilde Muren har vore ein av rettleiarane i denne praksisperioden. Ho seier at  studentane i praksisoppsummeringa kom med fleire positive tilbakemeldingar.

– Praksis gav dei meir kunnskap, erfaring og innsikt i pedagogisk arbeid, leiing og drift av ein barnehage. I praksisoppsummeringa kom det fram at dei fekk mange utfordringar i praksis, og utvikla seg mykje. Vi meiner at denne praksisperioden var med på å gi studentane ei nærare tilnærming til barnehagelæraryrket. Studentane seier at det har vore ein fantastisk lærerik praksis, legg Muren til.

Viktig læringarena

Høgskulen i Volda har eit godt samarbeid med praksisbarnehagane sine, og set stor pris på at dei år etter år tek imot studentar i praksis, fortel praksiskoordinator Hanne Elin Harnes.

– Praksisbarnehagane utgjer ein svært viktig læringsarena for studentane. Her får studentane erfaring i samhandling med enkeltbarn og grupper av barn i ulik alder, bakgrunn og med ulike føresetnadar. Dei får erfaring med å vere leiarar både for barn og vaksne. Saman med praksislærar i barnehagen, og faglærarar frå høgskulen, får dei drøfte forholdet mellom teori og praksis, seier Harnes.

Harnes fortel vidare at studentane i denne utdanninga har gjennomført ei spanande bachelorutdanning retta mot eit variert og levande yrke.

– Dei fleste av desse 55 studentane skal, etter eksamen og sommarferie, formidle verdiar, skape rom for vekst og utvikling og vere den viktigaste faktoren for kvalitet i barnehagen. Sjølv om dei då har ei utdanning i ryggen, kjem dei til å halde fram med å lære og utvikle seg gjennom heile yrkeslivet sitt, seier Harnes.

Sjå saker i media om praksis for 3. årssteg førskulelærarutdanning her:
Møre1
Møre2
Mørenytt

Tekst: Hanne Elin Harnes.

Del på