Studentsamskipnaden vert delt opp

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) består i dag av høgskulane i Ålesund og Volda. Det vert det ei endring på frå nyttår. Studentsamskipnaden i Ålesund skal slåast saman med Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT) frå 1. januar. Dette  vedtok Kunnskapsdepartementet måndag.

– Minst like god sørvis

Bakgrunnen for vedtaket er at NTNU vert slått saman med høgskulane i Gjøvik og Ålesund frå nyttår, og departementet meiner det er føremålstenleg at ein utdanningsinstitusjon vert knytt til berre éin studentsamskipnad.

– Dette betyr at vi frå 1. januar får Studentsamskipnaden i Volda. Det har ein god klang i mine øyre, og eg er sikker på at studentane i Volda får minst like god sørvis i framtida som i dag. Eg trur også at ein lokal liten organisasjon vil vere effektiv og veldriven og ønskjer tilsette og leiing i Studentsamskipnaden lukke til med det som skal skje no framover, seier Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda.

Vil styrkje velferdstilbodet

Det er tre studentsamskipnader samanslåinga gjeld for. Studentsamskipnaden for Sunnmøre har verksemd i Volda og Ålesund, og Studentsamskipnaden i Oppland har verksemd i Lillehammer og Gjøvik. Desse to samskipnadene skal no skilje ut verksemda i Ålesund og Gjøvik, og desse skal slåast saman med SiT. Samanslåinga skal skje innan nyttår.

– Vi skal gjere vårt for at denne samanslåinga vert gjennomført i tråd med departementet sine ønske, til beste for studentar, utdanningsinstitusjonar og tilsette, seier Jan Henning Egset, administrerande direktør i SfS.

Ifølgje Egset skal samanslåinga av samskipnadsverksemdene mellom anna føre til ei samordning av studentvelferda ved NTNU. Han seier at det er viktig at endringa styrker velferdstilbodet for studentane på Sunnmøre, og at det vert lagt stor vekt på å byggje velferdsorganisasjonar saman med studentane, tilsette og utdanningsinstitusjonane som sikrar kvalitet og vekst. 

Del på