Studiebygda treng deg!

Tekst: Webmaster Volda

686f983aece3e2364778ecd92b09af2d

Nettportalen studiebygda.no skal gi eit bilete av korleis det er å bu, studere og vere i Volda. Vi ser etter deg som ønskjer å skrive og ta bilete frå arrangement og opplevingar i bygda vår.

Betalinga er i form av god arbeidserfaring, og at du får namnet ditt på sakene dine, publisert på ein seriøs nettportal. I tillegg kan du få attestar eller referansar på arbeidet du har gjort. Dette kan kome godt med vidare i studiar, arbeidsliv og jobbsøking – eller berre som ein hobby.

Går du på ein fin fjelltur du vil anbefale? Skjer det noko spanande på eller utanfor skulen? Har jobben din eit spanande tiltak av allmenn interesse? Skriv om det! Kanskje er nettopp det du interesserer deg for, vel så interessant for andre.

Alle kan skrive for oss. Om du er gamal eller ung spelar inga rolle.
Du kan intervjue spanande personar, vitje kafear og sjåverdigheiter – alt som måtte interessere deg. Saman skal vi fortelje dei gode historiene.

Er du sportsinteressert og vil dekkje idrettsarrangement? Du får fri inngang på handball- og fotballkampar i Volda.

Er du musikkinteressert og vil lage stemningsrapportar frå konsertar eller andre sosiale arrangement? På Rokken og Det grøne treet får du fri inngang til konsertar og arrangement når du er ute på oppdrag.

Om du skriv ei sak i veka eller ei i månaden er heilt opp til deg. Du vil samarbeide med redaktør og ha ei kontinuerlig kontakt, der du og kan få tips og råd.


Vi stiller ikkje andre krav enn at du har generelt gode kunnskapar på tekst og foto.

Er du den vi ser etter? Send ein e-post til post@studiebygda.noeller ta kontakt med Ante på telefon 915 89 204. 

Om StudiebygdA:
StudiebygdA er ein partnarskap mellom offentleg, privat og frivillig sektor. Partnarane er Volda kommune, Høgskulen i Volda, Sunnmøre Kulturnæringshage, Studenttinget i Volda, Volda Næringsforum, Studentsamskipnaden for Sunnmøre, og Frivilligsentralen i Volda, med støtte frå Kommunal- og regionaldepartementet og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Del på