Studiekatalogen er klar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

I studiekatalogen finn du ein oversikt og informasjon om alle dei spennande studietilboda ved høgskulen. Du kan også lese at Høgskulen i Volda er blant dei fremste i landet når det gjeld utveksling. Kanskje du har lyst å utveksle til Vietnam, USA eller Spania? I tillegg finn du informasjon om fadderveka, studentveka og alle aktivitetane du kan fylle fritida di med.

Sjå studiekatalogen
Studiekatalogen er distribuert til alle avgangselevar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Dersom du ønskjer å få katalogen sendt direkte heim i posten kan du bestille studiekatalogen her.  Du kan også lese studiekatalogen i elektronisk form.

Ønskjer du meir informasjon studietilboda finn du det under arkfanen Studietilbod.

Kunsten å skape
Høgskulen i Volda er ein stad der studentane skal lære. Utsjånaden på studiekatalogen er inspirert av origami, kunsten å brette papir etter geometriske reglar for å oppnå ønskt design. Origami er ei ferdigheit som må lærast, det går ikkje å jukse med å klippe eller lime. Når ein kan kunsten, kan ein skape akkurat det ein vil. Studentane som kjem til Høgskulen i Volda har blanke ark, og med den kunnskapen dei tileignar seg her skal dei kunne skape det dei ønskjer.

Del på