Studiestart ved høgskulen

─ Gratulerer med studieplass ved Høgskulen i Volda! Dokke er jammen heldige. Ta godt vare på denne muligheita og ta godt vare på studietida, sa Kjersti Kleven i sin opningstale.

40c00e822069c29803c41f1eae82a9548453cb1a
Kjersti Kleven heldt opningstale.

TA VARE PÅ STUDIETIDA

Kleven har gode minner frå eiga studietida og oppmoda studentane om å gjere mest mogleg ut av studietida.

─ Kjære student – bruk tida godt! Ver engasjert både fagleg og sosialt. Det var nettopp eit flott oppslag om at Høgskulen i Volda er Norgesmeister i studentutveksling. Ta det semesteret eller året i utlandet du også.

HVO VIKTIG FOR MANGFALDET I REGIONEN

Kleven understreka at kompetansen som blir opparbeida hos studentane ved HVO er viktig for regionen.

─ Eg trur på mangfald. Mangfald på arbeidsplassen, i leiargruppa, i vennegjengen og i lokalsamfunnet. Sett i frå min styreleiarstol i det sterke maritime miljøet her på Sunnmøre, så er Høgskulen i Volda eit viktig tilskot til mangfaldet i regionen vår. Skulen gir breidde til regionen sin kompetanse og den er med å gi ei breidde i arbeidsmarknaden som vi treng for at regionen skal vere interessant å flytte til. Og tilflytting treng vi i industrien, sa Kleven.

 e62903ae99486cb7dc7271df1182ff1d2c05c6bd
Rektor Per Halse

TO NYE BACHELORUTDANNINGAR

Høgskulen startar studieåret med to heilt nye bachelorutdanningar.

─ Den tidlegare førskulelærarutdanninga er mykje endra og har skifta namn til barnehagelærarutdanning. Samstundes startar me no ei eiga faglærarutdanning i Kunst og handverk. Kvalifiserte folk trengst verkeleg både til barnehagane og til dei praktisk-estetiske faga i skuleverket. Eg gratulerer dykk som vert pionerar i desse utdanningane, og håper de får det like kjekt og lærerikt som studentane i alle dei andre utdanningane våre, sa rektor Per Halse.

HVO ER BRA, MEN KAN BLI BETRE

─ For Høgskulen i Volda gjeld absolutt ordet om at me ikkje treng vere dårlege for å bli betre. Eit viktig tiltak i så måte er StudiebygdA – der me no er midt i prosjektperioden for å utvikle Volda til den beste studiebygda i landet. Me har eit positivt samarbeid mellom høgskule, studentar, samskipnad, kommune, næringsliv og friviljug sektor om dette. Eg vil rå alle til å sjekke den nye nettportalen studiebygda.no som vert lansert i dag, sa Halse.

8afd88a6f2e30b7837223aacccf65b5b20e5989eStudentane i The Blues, the Brass and the Big Band spelte mellom anna til "Mellom bakkar og berg". 

SPRÅKÅR OG SPRÅKLEG MANGFALD

Språkåret 2013 feirar 200-års-jubileum for Ivar Aasen og 100-års-jubileum for Det norske teateret.

 ─ Ved høgskulen er dette alt markert på ymse vis, og meir vil det bli under Forskingsdagane om ein månad. I dag hyllar me Aasens verk ved å syngje ekstra godt ut på «Nordmannen», og me markerer samstundes språkleg mangfald ved å syngje dei to siste versa på engelsk, sa Halse.

85 av dei nye studentane var internasjonale, og det er no 52 nasjonar representert ved høgskulen.

565f88ebc20fc73bdddccffe41cfcc609af3a55d
Dei nye studentane ved grunnskulelærarutdanningane blei underhaldt av Eskild Velsø Lied og Øyra SFO. 

ØYRA SFO ØNSKA DEI NYE GRUNNSKULELÆRARANE VELKOMNE

Dei nye grunnskulelærarstudentane er det fjerde kullet på den nye grunnskulelærarutdanninga. Studentane blei møtt av Øyra SFO og Eskild Valsø Lied som spelte og song. Dekan Arne Myklebust minna om at utbytte av utdanninga handla mest om studentane sjølve.

Du kan lese talane i sin heilskap her:

KlevenTale.docx

HalseTale.docx

Del på: