Stumfilm-konsert Häxan

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

8e23180358e52fe984d76a19d3b2e30f

Häxan er ein svensk/dansk stumfilm som fortel heksenes historie, inspirert av skriftet Heksehammeren, ein 1400-tals guide til inkvisisjonen. Middelaldersk trolldomskunster og overtruiske visjonar blir gjennskapt i dramatiske spesialeffekt-scener som dagens sjåarar kanskje vil assososiere med skrekk- og explotationfilm. Meir dedikert til underhaldning enn til røynda, byr filmen på store mengder sjokk, gru og nakenheit. Samstundes, i ein meir alvorlege augeblikk, brukar regisør Benjamin Christensen arbeidet sitt til å argumentere for at det ei fordømte som heksekunstar ofte var tilfelle av psykisk sjukdom. Sjølv om den hadde problem gjennom sensuren blei filmen ein stor suksess, og har blitt vist kontinuelig, i forskjellig klipp, med forskjellig musikk, fram til i dag. Den unike filmen er ei viktig inspirasjonskjelde for skrekkfilmsjangeren.

Gisle Martens Meyer har på bestilling frå USF Cinemateket Bergen skreve musikk til tre stumfilmar med feministisk tema. Som del av denne serien premierte Häxan i novemer 2015, og han vil turnere med filmen i mai/juni 2016. Meyer opptredde som Ugress på tidleg 2000-talet, og fekk fleire radiohittar med dette namnet. Han er no bosatt i Berlin og arbeidar som elektronisk musikar/komponist, ofte i teater, film og kunst samanheng. Med seg i Volda har han gitarist Thomas T. Dahl, kjent frå jazzrock-orkester som Krøyt og BMX, og som studiomusikar på utallige moderne populærmusikk-opptak.

Før hovudvisninga blir det premiere på 1. års animasjonsstudenane sitt arbeid frå eksperimentellanimasjonkurset; korte vignettar inspirert av Häxan. Det blir ein kort introduksjon til filmen og Meyer vil fortelje om den konseptuelle framgangsmetoden han har brukt i komposisjonsprosessen.

Konserten er gratis.

 Velkommen!

Tekst: Trygve Nielsen og Stein-Christian Fagerbakken

Del på