Sunnmøre kammermusikkfestival 2011: Musikarar i verdsklasse

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Initiativtakarane til Sunnmøre kammermusikkfestival er Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. og Annar Follesø. Professor Wolfgang Plagge og fiolinisten Annar Follesø, musikarar på internasjonalt nivå, er kunstnarleg ansvarlege for festivalen.

Tekst av: Sunniva Bolseth, Foto: Helle Nærø

8132efbfd60fb1efb3c2a7f3fc630741a9e508b4
(F.v): Wolfgang Plagge, Jacob Kjøde jr. og Annar Follesø er initiativtakarane til Kammermusikkfestivalen.

Ein festival for alle 

Plagge og Follesø, som er ansvarlege for programmet, har handplukka musikarane som skal sikre høg kvalitet på festivalen. I eit nært samarbeid med Høgskulen i Volda og kulturskulane i dei fire kommunane på Sunnmøre, er føremålet å arrangere ein årleg kammermusikkfestival der innbyggjarane skal få  tilbod om musikkopplevingar på eit høgt nivå.

– I fjor opplevde vi ei unik kjensle av nærleik til publikum. Formidling vil også stå sentralt under årets festival, fortel Plagge. Vi ønskjer å ha ein god dialog med publikum, legg han til.

Video frå pressekonferansen der Foillesø og Plagge presenterer artistane:


Gjennom Eiksundsambandet og eit samarbeidsprosjekt med dei ulike kulturskulane i form av seminar og meisterklasser retta mot born og unge, blir lokale musikk-krefter knytt saman. Eitt av måla til Kammermusikkfestivalen er å skape møte mellom folk i dei ulike bygdene, mellom musikarar og publikum og mellom meistarar og talent.

– Vi ønskjer å stimulere unge musikarar for å få ein generell vekst og ei utvikling i musikklivet i regionen, fortel Jacob Kjøde jr.


Fem konsertar på Sunnmøre

Festivalen vil gå over tre dagar. Det blir konsertar i Volda, Ulstein, Ørsta og Herøy. Konsertane vil finne stad på Høgskulen i Volda, i Ivar Aasen-tunet, i Volda kyrkje, på Fredheim i Ulsteinvik og i Herøy kyrkje.

– Alle artistane som skal opptre under festivalen er valt på bakgrunn av sin kvalitet, seier Annar Follesø.

203d7edfb072483d43f3e665d16ea7a9d6ed5ab7
– Vi gleder oss over å få Ole Edvard Antonsen hit, fortel dei kunstnarleg ansvarlege, Follesø og Plagge (f.v.)

Festivalen vil bli avslutta med ein stor konsert i Volda kyrkje. Etter konserten vil det bli delt ut eit talentstipend på 25.000 kr. til ein av dei unge talenta som har utmerka seg i meisterklassane.

Del på