Sunnmøre kammermusikkfestival med bestillingsverk av Magnar Åm

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Verket er støtta med midlar frå Det Norske Komponistfond. Sunnmøre Kammermusikkfestival har bestemt besetninga for det om lag 18 minutt lange verket. Når det gjeld karakteren og uttrykket i stykket, har komponisten sjølvsagt stått fritt.

– Eg har skrive den musikken eg hadde behov for å høyre nett då. Det gjer eg alltid. Det vil seie at musikken alltid vil vere ei bearbeiding av eigne opplevingar. Men eigne opplevingar inkluderer også dei store, generelle tinga som hender i samtida og som dei fleste av oss har eit forhold til. Slik blir musikken eg skriv også ein kommentar til samtida. Og eg vil gjerne at den skal takast imot som det - som livet her og no sett gjennom eitt av medmenneska, seier komponist Åm som også har ei professor II stilling ved Høgskulen i Volda.

– Eg har kalla stykket ”Såre enkelt”. I den tittelen ligg både det som er sårt og det som er liketil. Stykket er som eit barn, endelaust ope mot omverda, endelaust sårbart, endelaust tillitsfullt, overgitt med heile seg til leiken og sansinga.

8ce7915dcd99c940e021aec60b871c7f387cb31e

Magnar Åm.

Om Sunnmøre kammermusikkfestival

Initiativtakaren til Sunnmøre kammermusikkfestival er Jacob Kjøde jr. Dei kunstnarleg ansvarlege for festivalen er professor Wolfgang Plagge og fiolinisten Annar Follesø, som er musikarar på internasjonalt toppnivå. Våren 2010 var første gongen festivalen gjekk av stabelen.

Ein festival for alle

Plagge og Follesø vil kvart år ha ansvaret for programmet og handplukke musikarane som skal opptre for å sikre kvaliteten på festivalen. I eit nært samarbeid med Høgskulen i Volda er føremålet å arrangere ein årleg kammermusikkfestival på Søre Sunnmøre, der folk i området kan få eit tilbod om gode musikkopplevingar på høgt nivå.

I tillegg til dette ønskjer festivalen å stimulere unge musikarar for å få ein generell vekst og ei utvikling i musikklivet i regionen. På den måten skil Sunnmøre kammermusikkfestival seg ut frå andre kammermusikkfestivalar. Gjennom Eiksundsambandet kan dei ulike kulturskulane og andre lokale musikk-krefter knyte saman regionen. Dette skal gjerast gjennom eit samarbeidsprosjekt med kulturskulane i form av seminar og meisterklasser retta mot born og unge. Artistane som er med under festivalen, vil undervise lokale talent. Det vil også bli halde kurs og inspirasjonsseminar for kulturskulelærarar.

Fem konsertar på Søre Sunnmøre

Festivalen vil gå over tre dagar. I desse dagane skal det haldast fem konsertar i Volda, Ørsta, Ulstein og Herøy. Konsertane vil bli haldne på Høgskulen i Volda, i Ørsta kyrkje, Volda kyrkje, «Fredheim» i Ulsteinvik og i Herøy kyrkje. Festivalen vil bli avslutta med ein stor konsert i Volda kyrkje.

Sjå oppslag og video frå pressekonferansen i februar.

Volda Vokal feirar Magnar Åm 28. april.

Del på