Sunnmøre kammermusikkfestival om to veker
Om to veker, frå 6.-8. mai, går Sunnmøre kammermusikkfestival av stabelen. - Vi gledar oss spesielt til å møte musikkmiljøet ved høgskulen, studentar og ikkje minst musikkskular i regionen, kommenterer Annar Follesø, som er kunstnarleg ansvarleg for festivalen. Saman med andre internasjonale kanonar i klassisk musikk vil han halde meisterklasser for unge utøvarar.
Sunnmøre kammermusikkfestival vert arrangert første gong 6.-8. mai, og bak festivalen står Høgskulen i Volda i nært samarbeid med fiolinisten Annar Follesø og pianisten Wolfgang Plagge.
Begge musikarane held høgt internasjonalt nivå, og vil i tillegg til å leie programarbeidet kvart år, òg handplukke eit lag av framifrå musikarar til festivalen.
– Vi er stolte over å ha sikra oss desse kapasitetane innan klassisk musikk, kommenterer Jacob Kjøde jr, som er leiar for festivalen.
Studentar ved Høgskulen i Volda, Symfoniorkesteret og musikkmiljøet vil ta del i mellom anna ein stor avslutningskonsert i Volda kyrkje laurdag kveld, saman med høgskulekoret, Hareid kammerkor, Ørstakoret og Søre Sunnmøre kammerkor og dei profesjonelle artistane.
Les meir om programmet, billettinformasjon og artistane på www.kammermusikkfestival.no