Sunt kosthald for svoltne studentar!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Studentar har det ofte travelt i kvardagen og for mange er det ein stor overgang å ha ansvar for matlaging og innkjøp sjølve. Det treng likevel ikkje vere eit hinder for å lage mat som er både god og sunn. – Studentar som bruker tid på ein god frukost og lunsj får betre og meir effektive dagar. Mange trur det er svært utfordrande å få til eit helsefremjande kosthald, men i realiteten er det ofte enkle og små grep som skal til, seier faglærar Erik Fooladi ved institutt for realfag.

Kom og spis!
Arrangementet er åpent for alle. Studentar vil få brosjyrar med nyttig informasjon og artige oppskrifter (les meir). Høgdepunktet vil nok vere å smake på den heimelaga suppa, laga heilt frå grunnen av, og brøda.

2f65ed1e3f3ac149d45e21e2b0addc28770b7ee4
Heimelaga suppe og brød - eit sunt og godt alternativ

5791d531a80bf0146db1d88fbee334323545808d
Studentar på matkultur og helse i gang med å lage fiskesuppe

Les meir om emnet MKH 102, Mat, kosthald og helse 2 eller meir på www.hivolda.no/matkultur

Del på