Suppleringsval for VEKA-styret

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Ledige stillingar til VEKAval onsdag 17. februar:
1. Sponsoransvarleg for X2-festivalen
2. Nestleiar med økonomiansvar
3. Arrangementsansvarlig
4. Bookingansvarleg

Vil du vite meir om verva kan du besøke nettstaden www.veka.no for kontaktinfo.

Om VEKA 
Dette er den 25. VEKA i Volda som skal arrangerast. Det vil seie ni dagar med fengjande konsertar i ulike sjangrar, foredrag, den tradisjonelle VEKA-revyen og anna moro.

VEKA i Volda har vore eit viktig kulturarrangement sidan oppstarten i 1985. Ein har gjennom desse åra levert eit godt produkt til studentar og lokale. Vi jobbar for å setje gode kulturopplevingar ut i livet og gjer vårt for at våre gjestar skal få gode opplevingar under VEKA.

Under VEKA får du ni dagar med varierande arrangement, der ein mellom anna kan nemne konsertar i ulike musikk-kategoriar, foredrag, barne- og ungdomsarrangement og bokbad som nokre av dei kulturelle hendingane. I tillegg vert det kvart år sett opp ein eigen VEKArevy, med Volda-studentar på scena. Totalt sett har det vore vanleg med rundt 20 arrangement. VEKA oppmuntrar til lokalt samarbeid, og eksponerer kultur på høgt nivå.

VEKA vernar om det gode studentmiljøet ved Høgskulen i Volda. For å sikre eit godt fagleg og sosialt studentmiljø er det viktig å styrke samarbeidet mellom Høgskulen, Studentsamskipnaden og det varierte studentmiljøet ein har i Volda.

Det er eit mål at VEKA skal vere ein arena for kultur og underhaldning, samstundes som det å fremje grunnleggjande verdiar. VEKA har tidlegare år samarbeida med foreiningar som Amnesty International, Plan Noreg og Røde Kors. I 2009 var til dømes samarbeidet med UNICEF.

Klikk på lenkja for å kome til VEKA sin nettstad

Del på