Svarte på digitale utfordringar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

kuiv1_620.jpg
Tarjei Vassbotn, som har fartstid frå Google og arbeidd med teknologi i 20 år, var første foredragshaldar under Kunnskap i Vekst.

Digitaliseringa av Noreg skyt fart. Likevel seiast det at vi berre har sett byrjinga på ei stor omvelting. Kunnskap i Vekst 2017 som samla om lag 120 deltakarar i det store auditoriumet ved Høgskulen i Volda, sette fokus på kva status på digitaliseringa er no, og kor vegen vidare kan gå.

– Vi ønsker først og fremst å skape ein relevant møteplass for arbeidsliv, både offentleg og privat, og studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda. Vi er ute etter at ein skal dele kunnskap og lære av kvarandre, difor er det naturleg at ein held ein slik dag på høgskulen.

Samhandling

Halck ønsker utvikling i Volda-samfunnet og meiner ein slik dag er perfekt i det bildet.

– Logoen til Kunnskap i vekst har ulike fargar i ein sirkel, som syner ulike menneske med ulike perspektiv. I tillegg er det nokre kvite felt – dei skal symbolisere at alt ikkje er på plass i Volda, men at det er det Volda-samfunnet skal fylle saman. Eg ser på denne dagen som ein del av samfunnsbygginga i Volda.

I sin opningstale takka prorektor Jens Standal Groven ved høgskulen for initiativet Volda Næringsforum og Studenttinget i Volda har teke for Kunnskap i Vekst, der også SpareBank 1 Søre Sunnmøre og Høgskulen i Volda er samarbeidspartnarar.

– Leiinga ved høgskulen har hatt ein ambisjon om å i enda større grad opne seg mot samfunnet rundt oss. Arrangement som dette kan vere ein plass der vi kjem i kontakt med arbeidslivet rundt oss og høyrer kva dei driv med – og motsett, seier Standal Groven som likte dialogen mellom studentar, tilsette og folk frå arbeidslivet i salen og foredragshaldarane.

– Stortingsmeldinga om kvalitet i utdanning legg vekt på arbeidslivsrelevans og eg set pris på at studentane var aktive med spørsmål undervegs.

kuiv3_620.jpg
Prorektor ved Høgskulen i Volda, Jens Standal Groven, opna Kunnskap i Vekst.

Digitalt potensial i industrien

Voldingen Tarjei Vassbotn har arbeidd ved Google sitt hovudkontor i California, og etter seks år i gigantselskapet flytta han heim til Noreg for eitt år sidan og tok til i teknologiselskapet Disruptive Technologies i Bergen. Vassbotn arbeider med det som vert kalla «tingenes internett» – at ting i heimen og på arbeidsplassar har ei kopling mot internett som gjer dei i stand til å utføre ulike oppgåver og gi nyttig informasjon.

– Ein termostat i heimen kan til dømes «snakke» med eit kraftselskap om når det er mindre trykk på straumnettet, og dermed styre oppvarminga av huset til når det er mest gunstig.

Men ut frå ei undersøking Google har gjort er det berre 3,4 prosent av «tingenes internett» som omhandlar ting i bustadane til folk. Det aller største potensialet ligg i industrien, meiner Vassbotn.

– I eit prosjekt eg har vore borti, klarte ein å kutte vassforbruket til bønder med 100 prosent.

Vassbotn fekk fleire spørsmål frå salen, men torde ikkje alltid å spå om framtida. Han meiner tendensen er slik:

– Vi overvurderer det vi trur vil skje om to år, men undervurderer det som skal skje om ti år – det er min spådom, seier Vassbotn.

Lytte til behov

Forbrukaren var sentral gjennom heile dagen med tanke på å utvikle nye digitale løysingar og teknologi. Det bygde også Thale Kuvås Solberg, daglig leder for SpareBank 1 sin lab for utvikling av tenester til bedriftsmarknaden, mykje av sin tankegang rundt.

– Vi må lytte til kundane og finne ut kva behov dei har for så å utvikle nye teneste. Vi kan ha kva idear vi vil, men det spelar liten rolle om dei ikkje er tilpassa brukarane, seier Solberg.

Ho ser også på konkurrentar med litt andre auge enn mange andre. Ordet «frenemies» – som er ein blanding av venner og fiendar – er eit bilde på det ho tenker. Ho meiner ein må dele meir kunnskap i samfunnet og drog fram eit døme frå bankbransjen. DnB lanserte Vipps og var flinke på marknadsføring av appen, medan SpareBank 1 hadde eit liknande betalingsverktøy i mCasch. Ifølgje Solber var den sist nemnde løysinga det beste produktet, medan DnB var sterke på marknadsføring. Difor slo dei seg saman og gikk saman om ei felles løysing som i dag har namnet Vipps.

Enorm omvelting

Deltakarane under Kunnskap i Vekst fekk også høyre om mediebransjen si digitale utvikling gjennom redaktør i Teknisk Ukeblad, Svein-Erik Hole, og førstelektor i digital journalistikk ved Høgskulen i Volda, Tormod Utne.

Hole presenterte ganske oppsiktsvekkande tal om arbeidsoppgåvene i eigen redaksjon. I 2014 hadde dei 50 tilsette totalt, der 3 stykk arbeidde med nettutgåva, medan i 2017 er dei 64 tilsette, der 6 stykk arbeider med papirutgåva. Teknisk Vekeblad har spesielt tatt i bruk video og VR-video der ein kan føle at ein er i rommet der videoen er tatt opp mykje. Hole ser i framtida for seg framtidas journalistikk vil bli tilpassa kvar enkelt konsument mykje meir gjennom dynamisk artikkelpresentasjon.

Utne og det digitale mediemiljøet ved høgskulen har samarbeid med mellom anna Teknisk Ukeblad. Han er glad for samarbeidet og er klar på at ein ved journalistutdanninga prøver å ta den digitale utviklinga på alvor, for å levere studentar til arbeidslivet som er oppdatert på den nye teknologien.

– Det er sterk etterspurnad etter reporterar som kan bruke teknologi og presentere nyheiter digitalt på ein god måte. I dagens samfunn ligg det så mykje data ute på nettet som er av journalistisk interesse. Journalistane må klare å plukke ut det viktigaste og visualisere det ved hjelp av ulike program og teknologi, seier Utne.

kuiv2_620.jpg
Førstelektor Tormod Utne skal utdanne dei framtidige journalistane som må henge med på den digitale utviklinga.

Heidi Arnesen Austlid, administrerande direktør i IKT-Norge, avslutta dagen med å ta for seg trendar innan digitalisering knytt til tema som utdanning, læring og vekst.

Del på