Svarte på Studiebarometeret – får festaftan som påskjønning

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

262341cc062d218eb9cc71196b133ad8
Tredjeklassingane på PR, kommunikasjon og media leiger Rokken og arrangerer ein sosial kveld der for premiepengane frå Studiebarometeret i fjor. 

20 000 kroner ligg i potten til den klassa ved Høgskulen i Volda som får høgast svarprosent på Studiebarometeret – den årlege nasjonale studentundersøkinga som gjeld for studentar som går andre året på ein bachelor og andre års masterstudentar.

Svarfristen for Studiebarometeret 2016 er 8. november, alle studentar det gjeld har blitt kontakta av NOKUT.

Her kan du sjå korleis ditt studium ligg an med svarprosent så langt.

Konkurranseinnstinkt

I fjor gjekk Kristian Rindheim andre året på PR, kommunikasjon og media og svarte på Studiebarometeret som sistemann av 21 studentar i si klasse. På grunn av tekniske problem blei han sein med svaret sitt.

– Eg følte litt på presset då eg var den einaste som ikkje hadde svart. Ein får jo vekka konkurranseinstinktet når det står om ein premie, og ingen vil vere den som øydelegg for andre, seier Rindheim.

6ac7f6e1bc04b58b012079098f6f2b49

Med hans svar oppnådde klassa ein svarprosent på 100, på lik linje med tre andre klassar ved høgskulen, og fekk sin del av premiepotten på 20 000 kroner. PR-studentane har spart pengane til i haust og fredag 28. oktober inviterer dei første og andre klasse, i tillegg til seg sjølv, til ein sosial kveld på Rokken.

– Dette er noko vi ser fram til. For oss tredjeklassingar som har internpraksis med lange dagar no, er det fint å kunne glede seg til fredag, fortel Rindheim.

Artige innslag

Då skal klassane blande seg og danne grupper på tvers av årsstega. Og sjølvsagt er det ein tanke bak det.

– Vi valde å bruke pengane på eit sosialt arrangement for alle tre årsstega på PR-utdanninga. Da vi gjekk første og andre året, var det ikkje mange som kjende dei som gjekk tredje året. Tredjeklassingane har ein del praksis og er ikkje like mykje på skulen, difor er dette ei fin anledning for alle til å bli kjend. Det blir ein minglekveld, med artige innslag frå alle gruppene, seier Rindheim.

Kan påverke studiekvardagen

I fjor oppnådde Høgskulen i Volda ein svarprosent på 63,8 totalt, som var høgt oppe på den nasjonale lista over universitet og høgskular. For at ein klasse eller utdanning skal kome med i barometeret, og kunne bli samanlikna med andre institusjonar i landet, må ein ha svarprosent på over 50.

– Studentane bør nytte seg av denne anledninga for å vere med i kampen om premien, som vi ser det blir set pris på. For oss er Studiebarometeret også viktig i arbeidet med gi studentane best mogleg utdanning, utdjupar prorektor ved høgskulen, Jens Standal Groven.

For Rindheim er fredagskvelden ein fin bonus, men han er også opptatt av andre sider ved undersøkinga.

– Premien bør vere ein god motivasjon, det veit eg sjølv. Men Studiebarometeret er også viktig for å kunne vere med på å betre studiekvardagen. 

Del på