Symfoniorkesteret og høgskulekoret med årets adventskonsert

Tekst: Webmaster Volda

f632c17dabca25a7a5be4d48e067b24b4f5b887d

Aktørane denne kvelden kjem alle frå musikkmiljøet ved høgskulen, fortel Koppen.

– Orkesteret og koret spelar ei sentral rolle, og vil presentere utdrag frå konserten dei hadde i kyrkjemusikkveka. I tillegg får vi høyre nyleg innøvd program, med fokus på jula.

– Også andre musikarar vil sleppe til denne kvelden, mellom anna eit eige brassband, der alle musikarane er tilsette eller studentar på høgskulen.

– Dette er også kvelden då ein del studentar får vist kva dei kan. I samarbeid med lærarar i hovudinstrument har fleire av studentane plukka ut nummer som dei  presenterer i Volda kyrkje denne kvelden. 

–  I det heile blir det ein konsert som er prega av ungdommelege aktørar og stor spennvidde i repertoar, seier Koppen, og inviterer alle til å koma. Konserten er gratis.

Del på