Ta gledene på forskot

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

b4eca252e5c3007191d41e298f8a2bb4b797f85b
Ingvard Wilhelmsen og kona Rhoda Wilhelmsen som fekk med seg salen på song før og etter foredraget. 

─ Det meste her i livet kan vi ikkje gjere noko med, men korleis vi stiller oss til det kan vi sjølv bestemme. Ekte ting tar folk betre enn tenkte, og felles for dei som har mykje angst er at dei er positive til katastrofetenking. Det er kreative folk som får angst. Dei må vere kvikke og uthaldne for å stå på sitt når folk seier dei imot, opna Wilhelmsen foredraget framfor eit fullsett auditorium.  

KONGE-HALDNINGA

Wilhelmsen er opptatt av kva haldningar folk har, og har mellom anna skrive ei boka «Kongen anbefaler – holdninger for folket».

─ Kongen fekk i 2003 påvist blærekreft, og fekk spørsmål om korleis han oppdaga at han hadde denne sjukdommen. Han svarte då humoristisk at dersom ein får ein ekte sjukdom får ein eit ekte symptom. Hans haldning er at ein er frisk til det motsette er bevist, hypokondrane er akkurat motsett, seier Wilhelmsen.

Wilhelmsen fortel at når du prøver å få kontroll over noko du ikkje kan kontrollere er ein seld til angsten. Og at det dessutan fins to tilnærmingar.

─ Generalisten bekymrar seg for alt som kan skje, medan spesialistane ikkje har tid til alt. Dei må då velje sitt tema, og faren er då at ein øver på feil katastrofe, seier han humoristisk.

AVGJERSLE UNDER TVIL

Ein kan ikkje velje om ein er frisk eller sjuk, men ein kan velje å tru at ein er frisk. På same måte tar ein andre val.

─ Er løysinga på å vere sjalu å vere 100% sikker? Det blir i så fall travelt i lengda, med all overvakinga. Ein må ta ei avgjersle under tvil og velje å stole, anten det er på kjærasten eller flyet, seier Wilhelmsen.

TA GLEDENE PÅ FORSKOT

Wilhelmsen er ein mann som tar gledene på forskot.

─ Dersom det slår til er det jo dobbel glede. Kvar vår trur Bergen at Brann vinn serien, og det er jo kjempegøy. I realiteten skjer det vel om lag kvart førtiande år, ler han.

Men han forsikrar at gleda går over, så det skal ein ikkje bekymre seg for.

─ Ein har mange tankar og det meste er berre tull. Så ein kan sjølv velje kva ein vil høyre på. Ikkje bekymr deg for det som kan komme, og ta det ekte når det kjem.

For dei som er opptatt av trening og kosthald for å forlenge livet lurer han på om dei har fått med seg at dei ekstra åra kjem heilt på slutten.

─ Det var ei dame på gamleheimen som hadde ein livsfilosofi, at tytebær var sunt. Ho var no gammal og skrøpeleg og fortalte svigerdottera at det einaste ho angra på var alle dei hersens tytebæra, seier Wilhelmsen.

Til slutt har Wilhelmsen eit råd til dei som jobbar med haldningane:

─ Ein må bestemme seg for noko og oppføre seg som om ein meiner det. Eg synest det er så sjarmerande når folk tar ansvar for haldningane sine, avslutta Wilhelmsen med eit smil.

Del på