Tarantino som teater

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Stykket følgjer pikkoloen Ted si fyrste nattevakt på hotellet Mon Signor i Hollywood. Ted får klare instruksar frå sjefen Betty:  "Hald deg unna natteranglarar, ungar, horer og ekteskapelege kranglar”.  Betty forlater Ted med eineansvaret på sjølvaste nyttårsaftan og intrigane står i kø. 

Ted sjekkar inn ein flokk med hekser som held heksesabbat, ei knebla kvinne og ein mann med ein diger revolver, han må passe to av barna til ein gangster, og han vert innblanda i eit veddemål med ein gjeng festløver og ei stor Hollywood-stjerne.

8881df5b34412096f45e5facf8f6970993b11f5f
Dramastudentane lagar teater av Tarantinos "Four Rooms".

– Vi har valt å lage stykket i noir-stil, med stilisert spelestil, mykje musikk, fargesymbolikk, og tidsriktige rekvisittar og kostymer, seier emneansvarleg og regissør Vibeke Preus Bech, og legg til at stykket har 15 års aldergrense. 

Stykket er eksamensframsyninga til studentane. Det vert tre framsyningar:  tysdag 25.mai kl 19.00 og onsdag 26.mai kl 11.15 og 19.00. 

Les meir om bachelor i drama/teater

Del på