Teaterframsyning på Kaarstad

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

Stykket handlar om den innbilt syke, Argan, som prøvar å gifte vekk dottera si til ein lege for å sikre si eiga framtid som sjuk. Handlinga er lagt til 1600-tallet. Molières komiske fantasi preger også dette verket som inneheld mange komplikasjonar undervegs, med falske legar, varmblodige friarar og «velgjerande» klystérer. Dette er også historien om ung kjærleik som møter motstand, men seirar til slutt, ikkje minst takka vere Toinette som på sin måte får fart på sakene i huset.
– Vi har også latt oss inspirere av commedia dell´arte formen, men også av klassisk skodespelarkunst. Som i stumfilmens overdrivne gestikulering, prøvar vi å finne humor og gjøglerglede i overdrivelsar og bruk av overforbrukte klisjear. Vi har også teke oss store fridomen i forhold til det opprinnelege manuset og enkelte roller er kanskje ikkje til å kjenne igjen. Men dette er altså vår versjon, fortel Sigrun Meisingset, førstelektor i drama og teater.

Tid: 19, 20 og 21 november
Klokkeslett: 19.00.
Stad: Teatersalen, Kaarstad
Billettar: Rokken Studenthus / inngangsdøra
Pris: Kroner 50,-

Del på