Temadag:" Misligheter og irregulariteter i UH-sektoren"

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har vedteke eigne etiske retningslinjer. Som ein lekk i oppfølginga av dei etiske retningslinjene ønskjer vi no å arrangere nokre temadagar. Den første av desse vil ta for seg uetiske handlingar knytt til utdanning som fusk på eksamen og oppgåveskriving.  Seinare vil vi følgje opp med ein temadag om uetiske handlingar i forskinga.

Innleiarar vil vere ein representant frå Studenttinget, professor Roar Amdam og studiedirektør Gonnie Smit.

Vi har fått medlem av UHR si arbeidsgruppe – direktør Inge Øystein Moen ved Høgskolen i Gjøvik til å halde innleiingsføredrag. Frå HVO si side ønskjer vi å sjå uetiske handlingar knytt til utdanning frå ulike ståstader: frå studentsida, lærarsida og administrasjonssida.

Rapporten frå gruppa kom i 2009:

http://www.uhr.no/aktuelt_fra_uhr/misligheter_og_irregulariteter_i_uh-sektoren

Møteleiar blir rektor Jørgen Amdam.


Tid:  17. mars kl 11:30  -  14:30
Stad:  Store auditorium, Berte Kanutte-huset, Høgskulen i Volda


Det blir lett servering.

Del på