Thriller på Turisthotellet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

16b2386c9e8fcb99042a51d2955285994ef0ca68Foto: Katarina Zackova 

From Script to Screen er eit emne i skjønnlitterær kortfilm ved Avdeling for kulturfag. Emnet er ein introduksjon i prosessen frå å skrive eit manus, via filming og skodespel, til redigering og ferdig film.

I førre veke var det Thriller på undervisingsplanen, og to av gruppene ønskja å filme scena si på eit hotell. Volda Turist hotell stilte opp og ga studentane eit rom til disposisjon heile fredagen.


- Vi er heldige som har eit næringsliv som er så positivt innstilt til slike prosjekt, seier emneansvarleg Dag Svein Roland.


Studentane på emnet går drama og teater, media, ikt og design eller kjem frå ulike Erasmus-studiar, så undervisninga føregår på engelsk, og studentane får ulike oppgåver å bryne seg på kvar veke, og denne gongen var fokuset på truverdigheit. - Å få spele inn på location er ein stor fordel, for det skapar ei truverdigheit i uttrykket, og det er inspirerande for studentane, seier seksjonsleiar Vibeke Preus Bech.


Filmoppgåvene er no levert inn og studentane er i full gang med arbeidet med sine eigne kortfilmar, dei håper på vidare godt samarbeid med lokale krefter.



FOR MEIR INFORMASJON KONTAKT


Vibeke Preus Bech

Høgskolelektor i drama/teater ved Høgskulen i Volda

Tlf: 70 07 52 54

E-post: vibekepb@hivolda.no 

Volda Turisthotell

Del på