Tor tok nettet - studentar får utsett innleveringsfrist

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Før Tor kom førebudde Høgskulen i Volda seg på at det kunne bli problem med internett, og skrudde av nettilgangen. Men etter uveret kom ikkje internett tilbake, og det viste seg at det var brot på begge dei to linjene som Uninett og dermed Høgskulen i Volda brukar - både nordgåande og sørgåande linje måtte reparerast.

Tilsette og studentar fekk dermed ikkje lese eller sende e-post frå høgskulens kontoar og det var heller ikkje tilgang til undervisningssystemet Fronter eller nettilgang på kontor eller trådlaust nett på høgskuleområdet.

Det var heller ikkje råd å oppdatere nettsida www.hivolda.no, og i staden formidla Høgskulen informasjon om nettproblema via Facebook og Twitter.

Nettet var på plass att seint laurdag ettermiddag, ca kl 18.

Nokre få studentar hadde innleveringsfrist i eller like over helga og mista dermed eitt døgns arbeid. Skulen utset difor innleveringsfristen på deira oppgåver med eitt døgn.

Del på