Tre grunnar til å bli med i Peikestokken

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

60be2ade6a51230ced9b6ed5cc113d8376f2e56cEit nytt år betyr nytt styre i studentavisa i Volda - som i 2012 gjekk gjennom ei stor oppgradering. Peikestokken fekk nytt format, ny layout, ny logo, nye avisstativ, ny nettside, betre papirkvalitet og ein klarere nyheitsprofil retta mot studentane i Volda.

No har du sjansen til å vere med og påverke og vidareutvikle Peikestokken. Den sjansen bør du ta, fordi:

1. Det er kjekt. Og du får mange nye venner.

2. Du får verdifull journalistisk erfaring

3. Engasjement utanfor studiane gjer deg meir attraktiv for framtidige arbeidsgjevarar

4. Du får påverknadskraft og kan setje dagsorden i Volda

Kom på informasjonsmøte og val av nytt styre torsdag 17. januar kl. 18.00 i Aasen-auditoriet, høgskulen.  

Du treng ikkje gå mediefag og det er ingen krav til tidlegare erfaring. Du er garantert å lære mykje undervegs. Synest du det høyrest kjekt ut å lage studentavis: då treng Peikestokken deg. Peikestokken står på stand i BK onsdag og torsdag. Kom og still spørsmål om posisjonane, om avisa eller berre kom for å få ei vafle (eller to).

Del på